Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
225
bore og stydja på alle måtar som i den fyrste tid det
levde. Det vert meir og meir som eit vakse menneske.
I frå den synsstaden kunde ein segja, at barnet heile tida
går over frå barn til vaksen.
Men det er lel so, at det er nokre år i menneskelivet
som i serleg mun må verta kalla overgangstida. Det er
den tid då det avgjerande skilje millom barn og vaksen
feil, då barnet biletleg tala tek av seg barneklæda og får
vaksnebunaden på. Denne tida er frå det 12—14. til det
17—19. året. — Det er ikkje so at denne tida har faste
grenser. So er det ikkje med nokor tid i menneskelivet.
Ingen kann segja at i denne månaden sluttar barndoms*
tida og overgangsalderen tek til, eller no sluttar overgangs*
alderen og ungdomstida byrjar. Det hender aldri noko
slikt bråskifte. — Overgangsalderen er heller ikkje plent
til same tid hjå alle menneske. Sume, t. d. negrane, vert
tidlegare vaksne enn me. Og i alle land er det so, at
kvinna vert tidlegare vaksi enn mannen. Her hjå oss
kann me segja overgangsalderen er frå det 12. eller 13.
til det 17. året for kvinna, og frå det 13. til det 19. året
for mannen. Denne tida varer soleis ikkje so lite lenger
for gutane enn for gjentene. — So kjem den tid me kallar
ungdomstida. Men i denne boka skal me ikkje fylgja
menneskelivet lenger enn til overgangsalderen, til menne*
sket har vorte vakse som me segjer.
Me har på ein annan plass umtala den kroppslege
vokster som me kann leggja merke til hjå mennesket.
Når eg no skal freista teikna eit bilete av mennesket i
overgangsalderen, so vil eg fyrst minna um nokre få ting
som alt er umtala der.
Me har soleis set at serleg i den fyrste part av over*
gangsalderen veks både gutar og gjenter sers mykje både
i lengd og vekt. Når ein tek undan fyrste leveåret, so
kann ein segja at den kroppslege voksteren i det heile er
sterkast i denne tid i alle måtar. — Um voksteren i
pubertetstida er elles å segja det, at han er soleis at det
lenge i alle fall er lite samhøve millom musklar og bein.
Nordeide: Frå barn til vaksen. 15
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>