- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
226

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

226

Kroppen ser gjerne noko lang og slengen ut. Formene
er lite avrunda, og ein må helst tykkja lekamen gjev
toknad (inntrykk) av noko uferdigt, og noko som endå
er lite harmonisk og lite avmåta det eine til det andre.
— Soleis er det lenge i overgangsalderen. Men voksteren
går då i den lei, at det fullvaksne mennesket meir og
meir kjem fram i slutten av denne overgangstida. Då
vert andletsdraga fastare, det sermerkte, det individuelle i
kroppsbygnad og kroppsføring ter seg tydelegare; dei ymse
kroppsdelar får meir og meir det innbyrdes samhøve
som syner oss, at no er den kroppslege vokster umlag
ferdig. Barnet har vorte ein vaksen mann eller ei vaksi
kvinne.

Ymse av dei viktugaste kroppslege organ veks serleg
sterkt i overgangsalderen. Soleis hjarta og lungene. Hjarta
har i den tid vorte mest dobbelt so stort som det var nett
fyrr pubertetsåra tok til. Men det er ofte at det arbeider
noko ustøtt i denne tid.

Blodårene er ei tid i overgangsalderen heller ikkje
heilt høvelege til den blodstraumen som skal gå gjenom
dei for timen. Men med det og vert det eit skifte, so dei
både i storleik og styrke passar for den verksemd dei er
etla til.

Lungene hjå gutane rømer i 18*årsalderen umlag dob*
belt so mykje luft som i 12*årsalderen. Hjå gjentene er
skilnaden noko mindre.

Hjernen vert og serleg godt utvikla i pubertetsåra.
Tyngda veks noko. Men serleg er det å leggja merke til,
at det er fyrst no at ei uteljeleg mengd hjernetrådar vert
ferdiglaga, so det kann koma eit slikt vedunderleg sam*
arbeid i stand millom dei ymse plassar i hjernen.

Det viktugaste skiljemerke millom barnet og den
vaksne — når me held oss til det kroppslege hjå men*
nesket — er det, at den vaksne er skapt for ekteskap*
leg samliv millom mann og kvinne, men ikkje barnet.
Det nye som kjem til i overgangsalderen, det er slekts*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0228.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free