- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
234

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

234

aping. Han er no komen so langt at han kjenner trong
til meir sjølvstende enn fyrr. Reint naturgjeve vaknar
hugen til å frigjera seg frå formyndarstyret. Men han
er ikkje fullfør til det arbeidet med det same. Han
ynskjer meir enn han maktar. Og so freistar han å syna
seg betre enn han er. Då går det ofte so, at han gjer
det små til det store både når han tek etter og når han
kritiserar. Røykja og sputta kann den halvvaksne guten
greia tek han fyrst til med det, umlag som ein vaksen.
Det kann verta større skilnad til anna arbeid. Og so
lyt han syna seg jamgod der det er råd. Og jamgod,
eller helst noko meir, er det han vil visa at han er, og
når han finn åt dei eldre både i smått og stort.

At 15—17*åringen ikkje er anten barn eller fullt vaksen,
syner seg og i den målføring han brukar. Granskarar har
funne at ungdomen i denne alder gjerne vil stasa talen
sin til. Dei brukar ikkje sjeldan merkelege setnings*
lag. Nøktern, beintfram tale er for simpel. Nei det må
ein sers sving til på setningane. Og so må alt vera sagt
so drust og feiande. Dei sterkaste ord er alltid dei beste.
Skjemteblad har alltid ei god kjelde å ausa av når dei
hermer samtalar millom halvvaksne gjenter — å ja gutane
er ikkje stort likare dei heller.

At ungdomane i overgangstida sers ofte har lag til å
vera slakke og lite tiltaksame, det har visseleg alle upp*
sedarar lagt merke til. Serleg vil ein ofte treffa gutar som
er soleis. Dei har lange tider i alle fall so lite hug til
arbeid. Og so går dei og sleng og dreg seg — eit lite
hyggeleg syn tykkjer me vaksne.

Denne slakkleiken finn ein både hjå landsungdom
og byungdom. Men det gjer nokon skilnad um den unge
er sysselsett helst med kroppsleg eller bokleg arbeid.
Hjå dei som har kroppsleg arbeid, kann arbeidsuhugen
verta meir synleg kanskje enn hjå dei andre. Men dei
er betre farne lel. Hjå dei som har åndeleg arbeid,
fylgjer det ofte eit slag nervøs uro med denne slakk*
leiken. Det er i mindre mun tilfellet med dei andre.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0236.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free