Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
235
Og so varer ho ikkje so lenge hjå kroppsarbeidaren denne
tida då tiltaksløysa råder. Åndsarbeidaren vert plaga
lenger. Det er umlag i alle ting det, at det tilstand som
pubertetstida fører med seg — åndeleg og kroppsleg —
det tilstandet varer stuttare tid hjå kroppsarbeidaren enn
hjå åndsarbeidaren. Kroppsarbeidet skundar på voksteren
eller utviklinga, ser det ut til. Gymnasiastane og tek*
nikarane og andre som går mykje på skule nett i over*
gangsalderen, dei får i større mun kjenna vanskane som
fylgjer med pubertetstida enn nokon annan.
Slakkleiken og tiltaksløysa i overgangsalderen er elles
ikkje berre skadeleg. Av den kraftsum eit menneske har,
vert det i denne tid brukt so mykje til den vokster som
naturgjeve må gå for seg hjå den unge no, at det vert
etter måten lite att til anna arbeid. So er det i alle fall
til ymse tider. Og då er det bra at den unge ikkje gjerne
tek seg for nær. Slakkleiken er eit helsevern, kroppsleg
og åndeleg.
At det ikkje må verta ’sett for store krav til guten
og gjenta i denne tid, det er noko kvar uppsedar må
hugsa på. Men samstundes må ein heller ikkje gløyma
at halvvokstringen tek reint åndeleg skade av å gå yrke*
laus. Høveleg arbeid må til, elles går det umlag alltid
gale. Og noko av det beste ein ungdom kann sysla med,
det er kroppsleg arbeid, og helst arbeid ute i frisk luft.
Dei som har slikt arbeid, arbeid so som det kann vera
på ein vanleg gard t. d., dei slepp i det heile etter måten
sers lett gjenom overgangstida. Det er truleg mange
slike som vil ha grunn til å segja som ein mann sa til
meg ein gong: »Eg visste ikkje um at det var so mange
fårar for oss i dei åra, fyrr eg kom til å lesa um det
ein stad. Eg kjende ikkje so mykje slikt frå min ung*
dom. Me var so upptekne med arbeidet heime, at eg
tenkte ikkje stort på meir, trur eg.« Eg er viss um at
denne mannen tala sant. Men den som har vore so lukkeleg,
han vil ha sers tungt for å skyna, kor vanskelege ymse
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>