- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
236

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

236

tider i overgangsåra kann vera for dei som veks upp og
arbeider under so heilt andre vilkår.

Det er sume ungdomar som gjev seg ein uvane i over*
gangsalderen. Dei kjenner seg ikkje sers sterke; kanskje
hjarta arbeider noko ustøtt, og dei tykkjer dei er ikkje
mykje føre til arbeid. Og so ven dei seg til å gå so og
draga seg. Det er fårleg. Arbeid er ikkje skadeleg; det
er berre forrøyning ein må passa seg for.

Men forrøyning kann det vera god grunn til å åt*
vara mot. Ikkje berre av di at 16*åringen ikkje toler so
mykje som 30*åringen t. d. Men og av ein annan grunn.
Me har sagt at halvvokstringen ofte er slakk og tiltakslaus..
Men han er og uvyrden med seg stundom og vil gjerne
i eit skippertak røyna seg for hardt. Serleg um det kjem
til kapping på ein eller annan måte. Det høyrer med
til gutenatura i overgangsalderen å tru seg før til meir
enn ein greier. Gutane vil i desse åra gjerne syna at dei
er karar som held mål. Det kann vera ei æresykje og
ein ovhug etter å gjelda for den beste som fører til
mange narrestrek. — Sjølvsagt kann denne kappehugen
vera ei drivkraft som kann ha stort verd. Og ein vitug
uppsedar kann nytta henne på ein slik måte at guten ikkje
tek skade. Men fåren ligg nær. Det kann og gå so at
den kappehuga tek skade både moralsk og fysisk, skade
både på sjel og kropp.

Mykje av det me no har tala um sermerkjer gutar og
gjenter i overgangsalderen, det kjem so tydeleg for dagen
i samlivet millom dei unge og dei eldre. Men ymse sider
ved det menneskelege sjeleliv er meir dulde. For dei har
ikkje alltid fylgjer som er so berrsynte. Men og på ymse
slike umkverve er halvvokstringen mykje annarleis enn
barnet. Soleis er det t. d. når det gjeld fantasilivet. —
Barnet og tumlar med fyrestellingar og set dei saman på
ymse måtar. Men i det store og heile er barnet i so
måte lite sjølvstendig. Det finn ikkje so mykje nytt.
I det stykket vert det annarleis med både gutane og gjen*
tene i overgangsalderen. Fantasilivet vert rikare, og dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0238.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free