Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Berg: Livsens gang
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LARS BERG
L I V S E N S G A N G
So ro, so ro liten tull,
du er alltid mor sitt gull.
Per var bare eit par år gammal og sat på
stolen ved kjøkenvindauga.
For resten, no var han nett på veg ned av
stolen. Han hadde set nok. Han hadde set så
mye at det var ikkje meir å sjå.
Marka var brun og vid. Der var elva. Der
oppe var Vedhauggberget. Det var fullt av
busker på det. Han hadde set ein mann der.
Visst var det ein mann. Han hadde set han
der kvar einaste dag, han hadde jamvel drømt
om han. Drømt at han kom ned og hadde
busker over heile kroppen. Det var så fælt at...
No hørte han at det banka i fjøset. Ka var
det dei gjorde der? Han vart ståande attved
stolen og høre på det. Alltid gikk dei til fjøset.
Kvar einaste dag.
Da ansa han rommet kring seg. Det vart
brått så stort at han vart redd. Det kjølte kring
han som klæa var for vide.
Han vilde ikkje sjå rommet. Han snudde
seg mot omnen. Det brente der, såg han. Da
hugsa han at mor hadde sagt:
— Å, å, du må ikkje gå dit, han bit. Hører
du kor han mur rar?
Jau, han hørte omnen murra att. No stod
han der og sa:
— Eg ta-a-r deg, eg ta-a-r deg. Du får ikkje
røre omnkroken eingong.
Han vilde ikkje sjå på omnen når omnen
var så sint, han såg heller på veggen, såg kor
stor han var. Han la hovudet på nakken og
såg taket. Da datt han. Det gjorde vondt så
han gret.
Brått såg han dei andre veggene, hørte
dei sa:
— Ikkje gråte, vesle Per!
Dei kom nærmare. Eit bitte lite steg. Dei
truga, dei vilde komme enda nærmare. Dei
var store og sinte og han sat liten på golvet.
Det vart kaldt omkring han, kaldt som når han
kom fram or senga om morgonen. Han tidde
heilt still og veggene gikk tilbake. Men så vart
rommet så stort att. Han vilde gråte men
kunde ikkje, våga ikkje.
Han vilde ikkje sjå veggene lenger, han såg
bort til kjøkenbenken. Benken var ikkje sint,
han var blå og pen. Og der borte slod sukkeret.
Da visste han ikkje av før han hørte
klokka sa:
— Ikkje ta, ikkje ta!
Han vart sint på klokka, det var ikkje hennes
sukker. Han løfta handa si mot henne og sa:
— Ti still!
Ho tidde ikkje.
Han vart enda sintare og sa høgare:
— Ti still med deg! Ti still!
Ho vart visst litt lågare i målet, men tidde
gjorde ho ikkje. Da vart han så sint at han
tok bestefarhammaren som låg på golvet og
slo til stolen, sa med det same:
— Ti!
Brått heldt han på å gråte for han slo handa.
109
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>