Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Berg: Livsens gang
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LARS BERG
Men med det same var veggene der. Han såg
rommet så det vart kaldt att. Han kunde ikkje
gråte enda han kjente tårene. Han måtte bøye
hovudet mot golvet.
Da var det at han ansa det vakre som låg
over golvet. Ei blank stripe frå dørsprekka og
bortover. Han vart glad, han glømte alt, han
måtte ta det. Han kraup bortover til det
blanke, såg bare det no. Han bøydde seg over
det, fekk begge hendene fulle av det. Han
vilde ta det opp og ha det i munnen.
Da vart begge hendene tomme.
Han tok ein gong til. Det var det same. Han
vart ivrig, han skynte seg. Han måtte ha det.
Det nytta bare ikkje. Han tok mange gonger,
men det låg like rolig på golvet.
Med eitt bøydde han seg, han vilde ha det
i munnen der det låg. Han strekte tunga ut
og slikka.
Det gjorde vondt, han fekk sand i munnen.
Han vilde gråte, han var harm og. Han skulde
just til å gråte, da ansa han at det blanke låg
tvert over katten borte ved døra. Han kraup
dit, skynte seg alt han kunde. Med begge
hendene greip han nedi katten. No kjente han dei
var fulle. Så sleit han til.
Katten såg opp, åpna munnen og sette i å
skrike. Han vart så redd katten at han slapp
taket. Men så vart han sint. Han vilde ta alt
det blanke frå katten.
Han greip til ein gong til og sleit alt han
vann.
Det var uråd å sjå, han la auga mot det
og skreik: Katten hadde set klørne i begge
hendene hans. No beit katten! Da slapp han
endelig.
Han gret så han såg tårene draup i golvet,
han visste mest ikkje av seg. Katten var vond.
Det var så sørgelig at han gret enda meir.
Katten var gått med alt det blanke.
Han snudde hovudet mot døra. Da såg han
at katten stod på to mot døra og at ho glei
opp. Han gret enda men slutta brått. For
110
derute, ute i gängen, såg han det var enda
blankare. Det var blankt over heile golvet.
Han vart så glad at han glømte katten. Så
glad at han la til å krype ut med ein gong.
Han var der. Han var-så glad at han måtte
klafse med hendene i golvet. Og her var ingen
katt som var sint.
Han skulde nett ta det blanke da han såg
katten som sat heilt ut på trappa. Han vart
sint, han måtte jage katten. Han kraup på
fire framöver og fekk tak i rumpa på katten
som sat og sleikte seg på halsen. Katten
ill-skreik og drog han utöver dørstokken. Han
slo seg litt, men så oppdaga han at derute var
det enda blankare. Han måtte sjå seg ikring.
Så vakkert der var. Der var elva. Der var
stua hennes moster. Og dernede var nausta.
Var det ikkje havet? Han sette seg til å
sjå. Det var blankt alle stader. Han måtte
lenger, han måtte sjå alt. Og elvebakken var
enda blankare enn trappa.
Han kraup fram, sette hendene ned på første
trappesteget og kraup.
Da hendte noe han ikkje visste kva var. Han
såg bare at han datt. At han glei ned på første
steget. Så enda lenger. Han slo seg i munnen,
let auga att og kjente at det gjorde vondt
i knea og. Så trilla han heilt ned på marka.
Han ropte på mor. Han greit. Kjente han
var åleine. Det var så vondt at han gret enda
meir. Så ropte han igjen.
Med det same kom eitkvart stort, svart mot
han. Han vart redd men fekk ikkje til å skrike.
Det store, svarte var der med ein gong, fekk
tak i bukselåret og drog til. Kasta på seg og
murra, var visst sint. Han sette i å storskrike.
Han skreik, bare skreik. Han torte ikkje sjå,
visste mest ikkje kven han skreik på heller.
Da hørte han noe kjent som var så godt å
høre, hørte straks at det var mor. Hørte ho sa:
— Kom deg vekk, fillebikkje.
Det svarte sprang sin veg.
Så hadde han hendene til mor omkring seg,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>