Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Det nye Universitetsbibliotek i Kristiania av Oluf Kolsrud
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Alt um vaaren 1900 heldt overbibliotekaren fram, at det no snart trongst
meir husrom. Stortinget gav pengar for terminen 1907—8 til aa greida ut
byggjespursmaalet, og uppretta ein serleg post for ein bygnads-inspektør ved
Universitetet; det var mangt anna enn bibliotek, som laut upp. Ved
samarbeid millom overbibliotekaren og
bygnads-inspektøren (arkitekt
Holger Sinding-Larsen), baade heime
og paa studieferd i utlandet, forma
byggjeplanen seg ut, ikkje berre i
hovuddrag, men ög i alle
einskildting. Overbibliotekaren formulerde
dei krav han vilde s et ja ved den
nye biblioteksbygnaden[1], og etter
deim arbeidde
bygnads-inspektøren ut teikningar og overslag. Desse
vart velroste av dei sakkunnige,
arkitektar og biblioteksfolk; dei
vigtugaste kritiske merknader retta
forf. av utkastet seg etter, og enndaa
det norske arkitektstandet (serleg
repræsentert i Kristiania
Arkitektforening) med stor styrke og
seig-leik krävde offentleg tevling
(kon-kurrance), vann dette rop ikkje øyra
hjaa meir enn vel ein femtepart
av Stortings-mennerne (25 mot 89);
Sinding-Larsens plan vart der-etter
samrøystes vedteken, 5. juni 1908.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>