- Project Runeberg -  Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen / Årgång I. 1914 /
23

(1914-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Det nye Universitetsbibliotek i Kristiania av Oluf Kolsrud

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Her hev Sinding-Larsen kunna planleggja ein biblioteksbygnad til 3—4
millionär band; den skulde rekka i 200 aar. Av dette ovdigre huset er no
ein tridjepart fullbygt, nemleg hovudbygnaden og ein magasin-veng.
Be-kerne vart flutte inn i november 1913, utlaanskontoret opna 16. december,
og lesesalen 2. januar 1914.

Fig. 2. Universitetsbiblioteket i Kristiania. Plan av 1ste etage<bi den  delen  av huset, som no er fullførd.<bTeikna av H. Sinding-Larsen. — 1—15 sjaa fig. 1.
Fig. 2. Universitetsbiblioteket i Kristiania. Plan av 1ste etage
i den delen av huset, som no er fullførd.
Teikna av H. Sinding-Larsen. — 1—15 sjaa fig. 1.


Det eigenlege UB (d. e. alle
f ak-avdeilderne og den norske
av-deildi) hadde 11,280 meter bøker
ved flytjingi. Her reknar dei 50
bøker paa meteren, like eins som
i Bibliothéque Imperiale i St.
Petersburg og i Bibliothéque
Nationale i Paris; det vert 564,000 bøker
i alt. Bygnaden var utrekna i 1908
til aa kosta 897,000 kr. og skulde
reisast paa 4 aar; det tok 5 aar aa
byggja, og alt hev stige sterkt i
pris medan, baade arbeid og vyrke.
Som huset no staar, kostar det
1,054,000 kr.1 Det hev rom aat
1,560,000 bøker; plassen aat kvar
bok kostar daa 67 1j% øyre; i det
billegaste moderne bibliotek, som
nokonlunde kann samanliknast med
dette, kostar bokplassen kr. I.02,

UB i Kristiania er ikkje bygt
etter noko mynster; planen er
heimegjord og original. Dei
røyns-lorne, som er vunne i det gamle
huset, er nytta ut, og det gode i
dette er teke med til det nye. Det
er bygt til bibliotek, ikkje til
stashus; fakmannen hev sett sine krav, og arkitekten hev bygt etter deim.
Utgangspunktet er bokhylla; det er bygt so aa segja innanfraa utetter, slik
at fänaden til slutt berre gjev den ytre form, som karakteriserar fyremaalet

1 Denne sum svarar rundt til 4 Va % rentor og renterentor av dei 400,000 kr. som
det vilde hava kosta aa byggja den planlagde vengen attaat det gamle biblioteket i 1883,
daa det var fullt. Faktisk hev daa staten bygt seg det nye huset for inkje.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:08:21 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokobibl/1914/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free