- Project Runeberg -  Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen / Årgång IV. 1917 /
233

(1914-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

RECENSIONER 233

stor del hev vore ukjende for bibliograf arne1. Aure hev visst, at det galdt
aa nytta høvet og samla upplysningarne, medan dei enno var aa finna og
traditionen eller personarne var livande.

Utg je varen av Nynorsk boklista syner seg aa vera so klok ein mann,
at han ikkje — som so mangein autodidakt kann vera freista til aa gjera, —
hev litt paa sin eigen visdom til sjølv aa finna ut korleis arbeidet best burde
gjerast. Til bibliografisk mynster for titlarne hev han teke Christiania
Universitets-Bibliotheks Norsk Bogfortegnelse, og gjev upplysningarne i ei slik
form og so fullstendug, at det sjeldan er noko att aa ynskja i den vegen2.
Vanskelegare hev ordningi av stoffet falle honom; her hev han til dels gaatt
eigne vegar. Systemet av krysstilvisningar er ikkje heilt konsekvent
gjenom-ført3; valet av ordnings-ord (författar- o. 1. namn, titelstikkord) er av og til
misjamnt4. Likeins glepp det noko i aa gjenomføra streng einskap i den
typografiske ordning ved upprekning av nye band, utgaavor og hefte og ved
dei tillagde upplysande merknaderne. — Prentingi tykkjest ha gaatt vel snøgt
for seg; det er ikkje ofra nok arbeid paa korrekturen, og det finst f leire
mis-prentingar enn godt er i bibliografiske arbeid; desse er heldigvis berre
stavefeil (setjar- og manuskriptfeil)5, men dei skjemmer, serleg naar ein stundom
møter dei i namn; det er sjeldan det finst faktiske feil6.

Grensa for kva som hev sin plass i ei »boklista» hev Aure gjort baade
vid og trong. Han hev registrert alt som fyreligg »i bokform»; soleis er ser-

1 At Aures uppgifter tykkjest vera paalitande, fekk eg stadfest i eit fall. A. Chr. Bang,
Motiver til en ny Udgave af Luthers Lille Katekismus, Chr.a 1891, s. 12, segjer at J. E.
Unger hev umsett Martin Luthers litle Katekisma, Bjørgvin 1868; men Aure s. 83 tillegg
Georg Grieg (f 17<; 1910) umsetjingi og med rette, nemleg etter ein nekrolog over Grieg i
Gula Tidend 1910 13/<; nr 65 av [Edv. G. Johannessen Alme], som personleg i lang tid stod
Grieg nær og kjende nøgje til hans litterære arbeid.

2 S. 21 Rikard Berge, Aasmund Frægdegjæva er etter umslaget Tillegg HI h. 1 av
* Norsk folkekultur» [1915], og hans Bygdedikting, VII, likeins Tillegg til Norsk Folkekultur
[1916]. — S. 24 Arne Bergsgaard, Nicolai Wergeland er nr III i serien Smaaskrifter fra
det litteraturhistoriske seminar. Utgivet av Gerhard Gran. — S. 109 Th. HøVERSTAD,
Skule-strid er serprent av Syn og segn, XX, 1914. — S. 198 ved SchjøTT, Upplegg saknar ein
utfyllingi ved Bilag, nemleg Bilag 8 til Indstilling til Lov om det kommunale Selvstyre,
afgivet af den af Indredepartementet i August 1898 nedsatte Komite, Kr.a 1900, som atter er
Bilag til Ot. prp. nr 16 (1909) i Stortingsforh. 1909, III. b. — I den vanskelege Aamund
SALVESON-bibliografien, s. 192 f., er ymse mistak.

3 T. ex. Under Bibelen saknar ein tilvisning til A. M. St. Arctander og L. Næss.

4 S. 179 Norske folkeviser sunget af Rasmus Rasmussen burde helst ikkje staa
under namnet aat songaren, men s. 66 under Folkeviser. (Noko annarleis er det med Thv.
Lammers’s Norske folkeviser paa s. 136, for her er songaren og utgjevar.) — S. 142
Boklista f raa Mons Litleré høyrer til s. 32 under stikkordet Boklista, ikkje under
bokhandlaren sitt namn.

5 Oftare av for af; stundom liten frambokstav i substantiv istf. stor. S. 13127 og 212 f.
Heidemarks- istf. Heidmarks-. Dei fleste feil er lett synlege, og eg nemner deim ikkje upp her.

6 S. 179 Rasmussen, Folkeviser er ikkje prenta i Kristiania, men hjaa John Grieg i
Bergen. — S. 196 Schiller, Vilhelm Tell er prenta 1873, ikkje 1872. (Boki inneheld ög ein
liten lapp »Misprentingar».) — S. 114 Kr. Janson, Fraa Island hev paa umslaget prisen
»12 Skilling», ikkje kr. 0.40.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:09:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokobibl/1917/0247.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free