Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
234 RECENSIONER
prent or tidskrifter medtekne, men mange av desse er aa rekna for
privattrykk og er prenta i smaa upplag. Forretnings- og reklametrykk er
upp-førde, men i bibliografier for større spraak-umraade torde slikt fera for vidt.
Derimot vil mange sakna dei talrike norsk-danske grammatiske arbeid over
landsmaalet og dei norske maalføre; Aure hev med vilje berre teke med dei
heilnorske, men ogso dei med dansk-norsk hovudtekst tykkjest høy ra med
likesovel som dei leksikografiske. Det turde vera uventa, at ein ikkje finn
sjølve IVAR AASENS Det norske Folkesprogs Grammatik her. Sjølv um
ein berre tok umsyn til, at dei grammatiske arbeid ög inneheld maalprøvor
av nemneverdugt umfang, skulde det ha vore rom for CHR. VlDSTEEN’s
Oplysninger om Bygdemaalene i Søndhordland (Bergen 1882) og Oplysninger
om Bygdemaalene i Hardanger (Bergen 1885) likesovel som for BJØRSET’s
skrifter (s. 30), Dei vigtugaste blandingsprent er medtekne, men smaaprent
paa 1—2 blad er attsett, og vel med rette. Av periodiske skrifter er
med-teke alle som er utkomne »i bokform», det vil vel segja: med
aargangstitel-blad og innhaldslista, men ikkje avisor, som rimelegt kann vera. Paa grensa
tykkjest meg eit par blad aa staa, nemleg A. O. VlNJE’s Bølen (1858—70)
og HENRIK KROHN’s Ferdamannen (1865 — 8); inkje av dei er med.
Ei »tittel-lista», som avsluttar boki, gjev ei sakleg gruppering i 19 bolkar,
paa liknande maate som vanlegt er i dei nordiske aars- og 5- eller
10-aars-bokkatalogarne, men skipnaden er uppsett av Aure sjølv, etter eige skyn,
utan mynster. Dei fleste vilde vel ha skipa det noko annarleids. Med dei
rubrikarne som er valde, er elles innordningi ikkje verst utførd, og ymse
titlar er uppatt-tekne paa fleire stelle for aa gjera det vel; men det er enndaa
vorte att ein slump, som kjem tilsist under »ymist»; ein slik bolk burde helst
vore spara, og fleire av titlarne her kunde godt vore fordelt under dei
ru-brikarne som no er.
Me torer vona, at ein mann so tenksam og lærviljug som utgjevaren
av »Nynorsk boklista» viser seg aa vera, ser den gode meining med, at det
her vert peika paa det som vantar ved hans arbeid; det var myk je aa
krevja, at det skulde lukkast heilt ut i alle stykke fyrste gongen. Resten
kjem nok med øvingi. Det vert likevel mest smaating ein kann ha noko aa
utsetja paa. »Nynorsk boklista» er i det store og heile eit so fortenest fullt
og heldigt arbeid, at den som praktisk nyttår boki, so gjerne tilgjev det
mindre fullkomne, og priser den gode vilje og den seige flit, som her hev
løyst ei vigtug og vand uppgaava, og seg jer utgjevaren ein ærleg takk for
hans verk. Naar ein veit, korleis boki er vorte til, langt ute paa landsbygdi,
my kje som nattarbeid, og berre med ei vi t j ing paa eit par vikor i
Universi-tets-Bibliotheket i hovudstaden, daa maa ein sanna, at ikkje mange skal
gjera det jamngodt under slike vilkaar. Ein maatte ynskja, at den dugleik
og evna og hug, som her hev funne uttrykk paa eit umraade, der det sjeldan
er for stor tilgang paa bruklege krefter, maatte faa høve til aa utvikla seg
og finna sit rette rom.
Olaf Kolsrud.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>