Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
220
RECENSIONER
Men han skal hava vår takk for di han likevel ikkje drygde lenger med
utgjevingi. Alt fær ein ikkje med korsö, um ein so ventar aldri so lenge.
Eg spår at det vil koma inn so mykje nytt tilfang at det vert naudsynt
å få eit tillegg til dette fyrste bandet um ikkje so rett lenge. Og då skuide
eg ynskja at planen vart vidka, soleis at heves-prent som originale
brud-laups- og likferds-songar og vart medtekne. Det er ikkje det litterære
ver-det det spyrst etter i eit verk som dette. Songar til brudlaup og gravel
he v ikkje lite verd for person-soga, og det er ei viktugare hending for heile
samheidet at eit borgar-par gifter seg enn at ein konge fyller åremålet.
Dessutan er denne regelen um å halda ute slike heves-prent bröten so
ofte at det ingen regel er. Soleis finn me t. d. månge brudlaups- og
gravsongar av den illgjetne Os-presten Christen Larsen; men andre dilike prent
av same mannen vantar. Av rådmannen H. O. Nid eros er det teke med
månge nyårs-gratulationar, men ikkje eitt brudlaupsdikt, enda han og prenta
so-vorne. Askoy-klokkaren Peter Sunde hev fenge med eit latinsk dikt, men
ikkje noko av dei dikti han prenta på norsk og dansk.
I eit nytt band burde det og koma med namne-register og sak-register.
Då fyrst kunde folk med lettom gjera seg gagn av det verdfulle tilfanget
som er samla saman her med so stor trott og dugleik.
Denne mynstringi av bergenske bokprent kastar ljos yver månge sidor
av vestlandsk åndsliv i dei siste tvo hundrad åri.
Den fyrste boki som vart prenta i Bergen, var ei av Petter Dass.
Og han er den diktaren som hev hävt det störte ålmennings-hylle på
Vestlandet og i Nordland rådt til ned imot vare dagar. Det känn ein sjå av
den langi radi av Dass-utgåvor som er prenta i Bergen, attåt alle dei som
hev kome andre stader. Månge av dei merkelegaste nordmenn fra
1700-ta-let hev gjeve ut boker i Bergen. Og av dei store diktarane vare fra
1800-talet meter me fyrst og fremst Björnson med nokre av ungdoms-verki
sine. Ibsen hev einast prenta eit lite dikt i Bergen. Men Janson hadde
beste blemingstidi si her i fedebyen. Og Garborg og Tvedt var lenge på
bergensk forlag.
Ein ting som ein lyt leggja merke til er det, at so månge ulærde
bender hev funne vegen til dei bergenske prenteverki. Det er fulla mest
småting dei prentar, helst songar og visor. Men det syner då både at bendene
sysla med litterært arbeid og at lesehugen hev vore stor i bygdene alt på
1700-talet. Det er mest berre vestlendingar og nordlendingar som gjev ut
slike småprent i Bergen, ja og so hallingar og valdresar, som fra gamalt av
hadde meste ferdsli vestyver. Ein hende gong kjem det ein bonde-diktar
fra andre landsluter med i laget, som t. d. den kjende telemarkingen Nils
Sveinungsson, som prenta ei bok i Bergen 1810.
Meste mengdi av denne bonde-diktingi — som av Bergens-litteraturen
i det heile — er av gudelegt innhaid, og vitnar klart um det sterke
religiöse hugdraget på Vestlandet. Ikkje so reint sjeldan slær denne religiesi-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>