- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / 1934 /
250

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 250 -
Folkeboksamlingane og heimbygdskunskapar.1

Av bibliotekar M. A. Kjørvik.

Det må ofte undra ein i vår upplyste tid kor lite folk veit urn
ymse ting, ting som -er ein svært nær. Og det må og undra
ein kor vanskeleg det kan væra å få kjenskap til dei same nære
ting. I so måte er kjenskap en til heimstaden og ætti eit syrgjeleg
døme. I bibliotekarbeidet vårt har me vore merksame på dette.
Me har vore inne på det ved fleire av møti våre, og sume større
bibliotek har teke fatt på dette umkverve og gjort godt arbeid.
Sjå soleis Ansteinsson: Bibliotekstell s. 29 og 82 og F. F. for 1926
s. 137, 1929 s, 147, Foredragsheftet frå det tredje nordiske
bibliotekmøte i Oslo 1933 s. 55 og heftet Haugesunds folkebibliotek i
40 år s. 17.

Men dei aller fleste boksamlingar har enno ingen ting gjort
av dette arbeidet, snaudt tenkt på saki ein gong.

I grunnen var det nok berre å herma det som er sagt og skrive
um desse ting fyr. Når eg likvel idag vågar meg til å segja noko
meir um saki, so er det av di eg vonar me kan få mange
boksamlingar med i dette arbeidet, det gjeld um å få augo upp og
koma til klårleik i saki.

I gamle dagar trur eg folk kjende betre ætt og bygd enn no.
I sagatidi levde folket sitt heimeliv um vinteren betre enn no,
men um sumaren var dei voksne menn som regel på utferder.
Vinterkveldane kring åren vart det røda um folk og dåd, og
ungguten som sat og lydde, fekk tidleg greide på kva far og
bestefar og gjerne ætti langt attende hadde gjort. Grannar og
bygdefolk fekk han og greide plå. Og medan mennene var på
utferder, kunde reisi gå smått for seg i motvind og stilla,
Tillands gjekk det heller ikkje fort, anten dei so gjekk eller hadde
hesten til hjelp. Dei i reisefylgjet vart på denne maten godt
kjende med kvarandre, og me kan vera viss* um at upplevingar
og tilburdar vart umtale gong på gong, både heimanifrå og frå

utferdene.–––- Surne tok yrket etter far sin og iseitte seg som mål

å gjera sitt verk like godt som han, ja betre um råd var. Han
kjende no slekta si. Grend og grund, natur og livshøve, ætt og

Foredrag på bibliotekmøte! i Molde 1934.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:14:52 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1934/0264.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free