- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / 1934 /
251

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 251 -

yrke var no såman um å skapa den nye ætt. Dette gav styrke
til livskampen og kjærleik til heimstaden.

Men tidi gjekk, og livsvilkår! vart annorleis. Det vart betre
l j os i stova, og det minka med samrøda kring peisen, huslyden
vart meir (Spreidd. Det kom bøker og blad, og folk tok til å lesa
i staden for å røda. Folk lærde å skriva, og eit brev kunde
gr eida det »ame hjå ein slektning som ei vitjing fyr. So kom
det telefon, og vitjinga hjå slekt og vener vart det enno mindre
av. No har vi fått radio i heimen, og no sit huslyden og lyder
- og tegjer. Me har fått betre vegar, som millom anna har verka
til at folk reiser mindre til kyrkja. Derved har kyrkjeveg og
kyrkjevang mista sitt verd. Reiser me, gjør me det fortåre no
enn fyrr. Me syklar aleine, k j øy r er bil med størst mogeleg fart.
Eller me -sit i toget og les noko verdelaust, det høyrer til «god
tone» å ikkje tala ved reisefylgjet. Etter kvart som det har vorte
lettare å reise, har folk f lutt mykje frå stad til stad. Den
ein-skilde ætt er ikkje lenger so stadbunden som fyrr. Folk og
grender er ikkje lenger so samanvoksne. Teknikken - den nye
Harald Hårfagre - har nok betre enn nokon annan samla Noreg
til eitt rike, men det har lett for å bli til ei mekanisk blanding
som ikkje har den organiske samanheng som burde vore. Folk
vert på ein måte ryst a -såman. Utvikling og upplysing har
gått storveges fram, men tradisjonane vert fatigare, og ein kan
no meir um t. d. stjerneheimen og Australia enn si eigi slekt og
bygd. Me heid på verta rotlause og - heimlaiise. - Spør ein
eit barn etter bestefar, er det få som veit noko å fortelja, og
oldefar har nok alt for mange snaut tenkt seg at dei har hatt.

Det er ikkje berre slekti ein står merkeleg framand for, men
ogso grendi og bygdi der ein bur. Det er so lite at eg meinar
noko må gjerast her, og eg trur folkeboksamlingane kan gjera
stor nytte i so måte. Ja, dei er ofte den einaste institusjonen
som kan gjera noko.

Kva kan so folkeboksamlingane gjera? Dei kan for det fyrste
kjøpa bøker som handlar um bygdi. Surne bygder er det skrive
mykje um, surne mindre. Men alle er det skrive noko um, eg
nemnar soleis Helland: Norges land og folk og Rygh: Norske
gårdsnavne. Eg skal vidare nemna årbøkene frå
Turistforeningen, musei, Fortidsminnesmerkeforeningen og andre fylkingar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:14:52 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1934/0265.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free