- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / 1934 /
252

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 252 -

Biografbøker har ofte verdifulle ting. - Ein får granske
bok-listerne, noko vil ein finna. Ei gamall bok kan vera god som
ei ny.

Eg vil og nemna bøker som ikkje er i handelen, fyrst og fremst
Fylkestingsforhandlinger, meldingar frå landbrukslag og skoglag
o. d. Slike bøker koster vanleg ikkje noko anna enn ein grand
arbeid.

Skal boksamling! ha full nytte av iSlike bøker som nemnt her,
må ein katalogisera det innhaldet <som gjev upplysningar um
bygdi, helst som emne- eller analysekort.

I skjønnlitteraturen finst og bøker som har sitt verd i denne
leid, isom Lie: Nordfjordhesten for boksamlingane i Nordfjord,
Fos’s: Kristine Valderesdatter for boksamlingarne i Valdres (tross
litteratane) og Bjørnsons bondeforteljingar for Romsdalen. Større
verd i so måte har dog Hauge: Herren til Hegranes for Sunnfjord
og Ingeborg Møller sine bøker um Job Sveinungson for
Gudbrandsdalen. So bør ein kjøpa mest mogeleg av bøkerne til ein
forfattar isom anten er fødd i bygdi eller har butt der.

So langt er saki nokolunde greid. Men ei folkeboksamling bør
ikkje på dette umkverve arbeida berre med bøker. I mange
bygder er det no lokalaviser. Disse hev oftast ei ’Stutt levetid. Trass
det verdilause og misvisende innhaldet ein ofte finn der, bør
folkeboksamlingi gøyma deim. Er avisa nokorlunde styrt, er
ho ikkje so lite bygdi si saga, og ho er vei verd å verta gøymd.
Er det noko ein no har bruk for å lesa i eit gamalt bygdeblad,
må ein heilt til Universitetsbiblioteket for å finna det, og slikt er
meiningslaust. Det er enno berre dei større boksamlingarne som
tek vare på dei aviser som er trykt på staden. Det trengst rom
å ta mot avisarne, det er so, og dot er dyrt å få deim i band.
Det fyrste må det vera råd med, og det siste får ein gjera med
som ein har råd til.

Men so inneheld andre blad og eit og anna frå bygdi. Slikt
får ein klyppa ut og gøyma. Her er dog ting det har sine
van-skår med, so ein bør ikkje leggja i veg utan rettleiding. Eg skal
nemna eit døme på avisutklypp. Um t. d. Tafjord
folkeboksamling hadde teke vare på bilæ ti og avisartiklarne um
Tafjord-ulukka, vilde ei slik samling med tidi få stort verd.

Det er dog ikkje berre storhende i ei bygd ettertidi bør min-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:14:52 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1934/0266.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free