- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / 1934 /
324

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 324 -
Hardanger og bokheimen vår.

Or eit fyredrag på årstemna for Hardanger ungdomslag, 1934.

Av Olaf Hanssen.

Det er inkje meiningi å gjeva ei litterær vurdering yver
Hardangers bokmenn og deira bøker. Heller ingi mannjamning millom
dei ymse bygdegrender.

Det eg vil draga fram er soga um nokre av boktitlane frå
Hardanger og litt av den lange rad mindre små bøker eller
prent, som lagnaden førde mot gløymslehavet og kvarv likso
stilt og kravlaust, som bokmannen, der skipa veisleprentet til.

Alt tidleg var der eit vake boklegt åndsliv i Hardanger.

I «Budstikken» for 1821-22 skreiv soleis den namngjetne
og frilynde soknepresten Nils Hertzberg um Kinsarvik:
«Almuen er vei forsynet med Ohristelige Religions- og
Andagts-Bøger. Af de gamle Huspostiller: Møllers, Brochmanns, Strøms,
Mossins, Herslebs Prædikener o. s. v. ere her ei faa. Folkets
Samling til høitidelig Samquem gives altid en religieus Tendentz
ved Sang og Bordlæsning. Som Bevis paa, at den hellige Skrift
agtes, anføres at i Aaret 1816 fandtes her i Præstegjeldet 217
Bibler. Hertil 41 af Stistrup,s Gavebibler1 - og 33 nye
Testamenter. Naar Folketallet i Præstegjeldet er 3 300 blir det l
kjøbt Bibel for hver lode Menneske. Paa landet fandtes i
Bergens Stift i 1796 - 3 906 Bibler. Efter Folketallet l Bibel for
hvert 29de eller 30te Menneske.»

Deisse Hertzberg sine ord syner klart den boklege hugen. Sagt
med andre ord er lesehugen 100 pct. større enn i andre bygder
i bispedømet.

Eit eldre, men endå meir talande prov, hentar eg frå ei
gamall ukjend bygdevisa: På garden Jordal i Odda brende 1803
alle hus og alt som i var for tvo av eigarane. Den eine mannen
låg heilt i frå ,seg av trøyttleik og rædsla på ein steinhaug ute

1 Lauritz Stistrup (1681-1766), Kjøbenhavn, skipa 1748 Det Stis trupske
Legat til Uddeling af Bibler iblandt Fattige i Norge.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:14:52 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1934/0338.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free