Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
- 325 -
på bøen. Ein av grannane gjekk burt til han, når eldfåren var
yver. Den brandlidne spurde:
Er Børn og Hustru ved sin Hilsen
Har Ilden dem ei Skade gjort:
Ja, sagde Budet, Herrens Frelse,
har ledet dem af Branden bort.
Han spørger Manden ydder mere
blev mine Bøger bjærgede?
Men svaret blev: nei intet mere
Er fritt for Ildens Rørelse.
Hans største forvitne næst etter kona og born er boksamling!
si. På deis.se tider er det sjølvsagt religiøse bøker folk hadde til
tidartrøytte. Og religiøse prent er ogso difor del fyrste og fleste
Hardangerprent. Det er ogso naturlegt, at dei vart ,skrivne av
embetsmenn, serleg prestane - men når det tok til å gro etter
folkeskulen, kom ogso bonden med.
Det eldste bokprentet, me lyt rekna med i ein
Hardanger-bibliografi er elt lite oktavhefte på latinsk mål,1 prenta i
Kjøpen-hamn 1688. Forfattaren er Hans Arentz (fødd på
Malmanger, Kvinnherad, døydde som prest til Stadsbygdi 1720). 10
år seinare - 1699 - kom same stad elt anna latinsk prent2 i
kvarto av Elias T h i l i g n e r. Student. Fødd i Wigøer i
Bergens Stift (meir veit me inkje fyrebils um mannen). I 1708
kjem den fyrste poetiske hymne til Hardanger natur i: B a 11 a z a r
Beck prentar: «En ny Vise om Nor-Rige og dets Kostbare
Herlighed». I eit 16 s. foliohefte er her fire 8 linons vers um
Hardanger. Presten Ole G i e r d r u m til Jondal gjev ut
religiøse prent 1700 og 1721. Paul Schnabel til Ulvik 1761.
Christopher Geelmuyden til Wigøer 1771 (preika var
haldi 1749i), prestane Rørdam til Kinsarvik, R o d t w i d t3
og Hertzberg prenta surne av høves-preikone sine sidst i
1700 talet.
Andagtsbøkene hans Niels S v e e vart lesne og spreidde
serleg i Kinsarvik. I 1824 er der ein bonde O l e J e n s e n H e 1-
1 Dispositio de nominis Juul origine.
2 Dissertat Critico Physica de anima rationale in Collegio Kegio habito.
3 Hjelpeprest i stiftet. Yar ei stutt tid i Kinsarvik.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>