Full resolution (TIFF)
- On this page / på denna sida
- Den nynorske bokhausten 1934. Av Olav Dalgard
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Den nynorske bokhausten 1934.
Av Olav Dalgard.
Den romanen ein venta på med størst spaning i siste bokhausten
var Inge Krokanns. Som ein kunde vente seg heldt han fram
med det emnet han byrgja på med «I Dovresno» og førde vidare
i «Gjenom fonna». Ein milomalderroman er desse skildringane
frå ei trøndersk fjellbygd vorte kalla, og det kan ikkje nektast at
dei er tidfeste til slutten av denne, men det segjer svært lite um
verket som diktverk. Det er for det fyrste ingen historisk roman
i den meining at han byggjer på faktiske hende, dei skimtar
ein berre so vidt i utkanten av skildringa, slik at dei gjev ei
viss tidfesting. Men det tyder i røynda svært lite. Denne
«historiske» diktinga er i høg grad fantasidikting. Det som gjev henne
miljø og fast grunn er bondeliv slik det lever i tradisjonen og
slik det blir levt den dag i dag. Det er umgjevnaden, sceneriet
som er millomaldersk. Menneska er like mykje born av vår tid
som dei er det i ei vanleg samtidsskildring. Ein kan då spørja:
kva er nytten med dette historiske? — Eg kan ikkje sjå nokon
annan enn at det gjev meir høve til forenkling, og dermed til
konsentrasjon og intensitet. Og det er just det som gjev dette
verket slik styrke og spaning. Endå desse bøkene er alt anna
enn «lettlesne» so slepper ein dei ikkje før ein er kome til endes
med dei. Slik er det og med den siste, «På linfeksing»
(d .v. s. på den raude hesten med linfakset). Tittelen er symbolsk
for hovudpersonen i boka. Steingrim er siste ættlingen av
bondehovdingane på Loa. Men han har ikkje stridsnatura til federne,
han er skygg og innåtvend. I han har det synske draget i ætta
vorte so sterkt at det trugar med å drive han ut i vanvetet. Han
rømer frå heimen og bygda burt i ein fjelldal. Ei bygd i
uppløysing på mange vis. Det er i slutten av 1500-talet, med ny
landsstyring og ny trudom. Den gamle hovdingskapen er inkje
verd lenger, han er slegen ned av dei utanlandske futane, som
kjem til makt med vald og intrigor. Det aukar det vonde i bygda,
misunning og hat og vonde lyster av alle slag får overtaket
gjenom dei som har vore undertrykte og no får høve til å ta sin
mun att. Det gjeld fyrst og fremst Brit lensmannsenkje, eit
menneske med ofselege lidenskapar og monomant hat til dei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023
(aronsson)
(diff)
(history)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0018.html