- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
5

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Den nynorske bokhausten 1934. Av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

som står over henne. Ho er typen på det vi idag kallar ein
psykopat. Det ser ut til at forfattaren fyrebur ein stor dramatisk
samanstøyt millom henne og Stingrim. «På linfeksing» er i det
heile ei fyrebuande bok, det kjennest som ei stille fyre stormen.
Den ventar ein med spaning på i næste boka. For det er i dei
store dramatiske uppgjersscenone forfattaren har sin styrke. For
so vidt høyrer ikkje «På linfeksing» til det største Krokann har
gjort. Ein kan gjerne kalle denne boka for eit nyttig millomled.

Det er ikkje alltid hugnadsamt med dei store romanseriane som
har vorte so vanlege i norsk dikting i siste 20-året. Det er i
røynda både meir vanskeleg og meir imponerande med ei
einskild bok um eit stort emne. Det har Tarjei Vesaas greidt
på ein framifrå måte med «Det store spelet», ei skildring
av livet og lagnaden åt ein ung bondegut. Vesaas er like lite
realist i vanleg meining av ordet som han har vore før. Han har
alltid arbeidt for å koma ut av den, det har lykkast so ymse,
fyrst i siste boka har han nått fram til det han vil: ein lyrisk
syntese og apoteose over bondelivet, bondeidyllen som bymannen
gjerne kallar det. — På ein uvanleg sikker og fantasifull måte
har det lykkast Vesaas å gje eit ålment bilete av bondebarnet
som lengtar «ut over de høie fjelde», men er født til «å vera
på Bufast all sin dag». Det er spaninga millom tradisjon og vilje
til noko nytt som fengslar so sterkt i boka. Eit høgst aktuelt
problem er dette, det gjeld på ymse vis all ungdom no til dags.
Og boka fortener å bli lesen av all ungdom.

Aktuelle ungdomsskildringar av eit heilt anna slag møter ein
hjå debutantane Bjørn Rongen i «To semester» og
Lars Berg i «Det var det ingen som visste. — «To
semester» er som tittelen segjer ein studentroman. Her fylgjer
vi bondestudenten fra heimgarden til hovudstaden, og på runden
millom hybelen, universitetet og St. Hallvards restaurant. Det er
ikkje lesehestane som fyrst og fremst interesserar forfattaren,
det er heller dei som går frikarar med stutt intens lesing og
mykje og lang rangel. Denne typen skildrar forfattaren med
realistisk sakkunne, og i ei livfull springande form som viser
slektskap med filmen. — Lars Berg er og fyrst og fremst ein
djerv realist. Han er sterkt påverka av dei psykoanalytiske
ideane, og han handsamar dei med sakleg dugleik. Han syner


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free