- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
9

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Den nynorske bokhausten 1934. Av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

unge ættledene, som vil forsoning i pakt med det nye evangeliet
til preikaren Hans Nilsen (Hauge), og som et seg inn på garden
med husmannen Kleng, står gamle Trond som ein representant
for det gamle einmenne-synet som botnar i vikingtida. Eit stykke
med mange veilor men med stort perspektiv og mykje godt i
utforminga. — Det samme kan segjast um andre stykket,
«Skrinet», som og handlar um ein storbonde som strid for
odelen. Vi er her komne upp i den økonomiske krisetida for
bonden. Solve Berg tek mot garden og trur seg rik og velberga,
men arvar i røynda berre ein slump skuldbrev. I ørvæna gjer
han eit mord og det er dette han får betale for i siste akt.
Både uppklåringa av fortida og sonofferet er spanande og
verknadsfullt lagt til rette, serleg er det over sluttscena ein pust av
den store tragedia. I denne har forfattaren gjeve eit gripande
døme på ærlegdommen og rettferdstrongen hjå den norske
bonden. — I tragikomedia «Flaum» møter vi bonden som
hoteldrivar. Lars Haug held på gå fra hotellet sitt fordi granen sitt
har større utsyn. Sonen som har lege i byen for å bli
skodespelar, har trøytt meste tida på kafeane og fått mange duglause
vener. No lagar forfattaren det slik at det blir desse dugløysone
som frelser Haug og hotellet hans, med å spreide ut ei
sjøormgysje, som set fart i både bladfykane og ferdafolket. På nokre
få dagar forvandlar hotellet seg fra ein ramnekrok til eit mondent
badehotell, med internasjonal jazzkonkuranse o. s. v. Ein grotesk
ironi over bonden i dei moderne sensasjonsridne livstilhøva. —
Denne dramasyklusen kan møtast med mange innvendingar, men
forfattaren har tvillaust rett i mangt han held fram. Det er eit
verk som vil gje noko til alle som er interessert i utviklingssoga
åt den norske bonden i siste hundreåret.

Eit heilt upp moderne stykke på alle vis er «Ultimatum»
av Tarjei Vesaas. Det handlar um fem ungdomar ei natt
fyre eit krigsutbrot, og gjev i nokre stutte men intense akter eit
symbolsk bilete av den striden som står i dag, og som det er
grunn til å ottast vil auke no frametter, millom tvo
ungdomstypar, den eine som dyrkar og let seg ruse av krigsidéen, og den
andre som hatar han, men er for veik til å stride mot han.
Stykket er halde i ei ny «overrealistisk» form som er godtsom
ukjend på scenene våre. Det har sine veike sidor som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free