- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
8

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Den nynorske bokhausten 1934. Av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

samling av ulikt innhald og ulikt verd. Best er naturdikta og
dei reine «uppsongane». I dei siste har Hulda Garborg ytt ei
rekkje som vil leva etter henne so lenge den frilynte ungdommen
lever og strid for sine hugmål. — I samme leid ligg og ei rekkje
av Olav Gullvågs dikt i samlinga «På viddene». Her
og er verdet noko ulikt. Forfattaren har som journalist røynt
livet frå ymse sidor, og han gjev uttrykk for røynslone, dels i
kvasse frikarsdikt og dels i tragiske refleksjonar. Samlinga
innheld og ei rekkje friskt umsette dikt av kjende utanlandske
lyrikarar.

I ei stode for seg står debutanten Aslaug Vaa, med
«Nord i leite». Forfatterinna er ikkje radt ung, det finst
inkje av det umogne men ungdommelege forsonande i dikta hennar.
Dei er tvertum alle skrivne med ein sterk og mognadsrik
ettertanke, som plar serkjenne eldre velrøynte diktarar. Men
samstundes er det noko fossande rikt i desse dikta som gjev dei
ein ungdommeleg sjarm. Innhaldet er ikkje alltid lett å koma
til botnar i, det er jamt mange botnar og mange synspunkt i same
diktet, ein blir ikkje ferdig med dei fyrste gongen ein les dei.
Her som hjå Lars Berg merkar ein innslag fra den nye
psykologien, men her er ideane betre melta, dei stig aldri fram på eiga
hand, dei ligg bak diktet som symbol og gjev det perspektiv.
«Nord i leite» torer vera den mest personlege og verdfulle
kvinnediktsamling som er komen ut her til lands.

Ei minneutgåve som må nemnast er og John Klæboes
«Dikt
», som er samla og utgjevne i året som gjekk. Klæboe
var ingen stor lyrikar, men han var slett ikkje utan talent på
dette umrådet heller. Som ein av del fyrste som skreiv dikt på
nynorsk, og som ein av ded fyrste representatane for den
demokratiske upplysningsrørsla fortener Klæboe framleis å bli lesen
og mint.

I motsetnad til lyrikken var dramaet representert av fleire verk
enn åra før. Her er det serleg Olav Sletto som merkjer seg
ut med dramasyklusen «Odel», tvo tragediar og ei tragikomedie.
Fyrste stykket, «Gamle Vehall», er eit typisk ættedrama, tidfest
til fyrst på førre hundreåret. Striden står millom grannegardane
Vehall og Myro, ein innbiten uforsonleg fiendskap, som botnar
i sviken kjærleik og utgamal maktgir fra båe kantar. Mot dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free