Full resolution (TIFF)
- On this page / på denna sida
- Biblioteksutdannelse og biblioteksbruk i våre skoler. Av lektor Alf Kinge, Rjukan
- Folkeupplysningi og dei store ånder. Av sekretær Aslak Torjusson
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
selvstendig arbeidsevne og selvvirksomhet. Lekser og
skolekunnskap vil elevene fort glemme når de forlater skolen, lærerens
forklaringer likeså, men to ting vet de i hvert fall når de
kommer ut i livet og lærerens pekefinger ikke lenger leder: De vet
veien de skal gå når de ønsker mere kunnskap, og de vet også
hvordan de skal orientere sig når de har funnet frem til
kunnskap.
Folkeupplysningi og dei store ånder.
Tale på årsmøtet i den norske gruppa
av The World Association for Adult Education.
Av sekretær Aslak Torjusson.
Ein kjend mann hev nyst sagt til eit Osloblad at
folkeupplysning er ein fåre for intelligensen. Eit folk kan ikkje leva på
folkeupplysning, men på dei store ånder.
Det syn som ligg til grunn for dette påstandet, er at mengdi
helst berre godkjenner det som ligg på deira eige nivå. Difor
vil dei motarbeide det store og sermerkte og stø det jamne og
vanlege. Dei vil i mange høve tvinge det store ned til sitt
eige nivå.
Eg gjeng ut ifrå at når det er sagt at folkeupplysningi er ein
fåre, so er det ikkje berre ein liten part av folket som skal
stengjast ute, men den store mengdi, for er folkeupplysningi til
skade, so er ho det for dei få som for dei mange. Det kunde
vera morosamt å taka ei liti snøggferd inn i ein stat uppbygd
etter dette prinsippet med dei få store ånder og den
fåkunnige hopen.
Ein slik stat måtte me vel då tenkja oss styrd av nokre få
store ånder. Det måtte truleg ikkje vera for mange av desse,
for då vilde det lett bli kaos. For me veit frå røynsle at store
ånder hev svært lett for å koma i strid med kvarandre.
Vidare måtte ein gå ut ifrå at alle representantane for kunst
og vitskap var statslønte når dei ikkje hadde eit publikum å
stø seg til.
Kunstnarane våre kunde ikkje rekne med anna publikum enn
dei få store. Målarstykke og bilethoggarverk laut difor lagrast i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023
(aronsson)
(diff)
(history)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0110.html