- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
97

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Folkeupplysningi og dei store ånder. Av sekretær Aslak Torjusson

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

bygningar deir berre dei store hadde tilgjenge, og so ein stab
tenarar til å turke støv.

Bøkene kunde prentast i eit upplag på 100. Slike ting som
Bjørnsons jubileumsutgåve i 70 000 ekspl. vilde vera utenkjeleg
i eit samfund utan folkeupplysning. Når ein forfattar hadde
skrive ei bok, fekk eit par store ånder avgjera um boki skulde
prentast og bytast ut til dei få store. Dei kunde på den måten
lett regulere tilgangen på store ånder. Var det ein dei fann ut
hadde nye, fårlege meiningar, var det lett å stogge han på
dørstokken.

Teatri kunde lagast mykje mindre, med framsyningar berre for
ei liti eksklusiv åndsforsamling. Framsyningane kunde truleg
avgrensast til ei eller eit par framsyningar i månaden, for ein
laut vel rekne med at dei store ikkje kunde ofre kvar kveld i
teatret. Kinoane kunde truleg haldast uppe når ein skar burt
upplysnings- og kulturfilm. Det vilde høve i staden for teatri
å ha store cirkus.

Folkeboksamlingane kunde ein sløyfe. I Kringkastingi laut ein
skjeira burt alle dei program som ikkje gjeng ut på å trøyte tidi.
Vermeldingar laut ein kanskje halde uppe, endå det er eit
upplysningsarbeid. Um dei store av og til vilde vende nokre ord
til hopen, laut det vel gjevast rom, men det seg jer seg sjølv at
det måtte gjerast med enkle og lettfattelege ord.

Folkeskulane laut ein vel halde uppe, men i sterkt avgrensa
form, utan noko større boklege fag. Av åndsinnhald ei umtale
av dei store som likevel ikkje på noko vis måtte eggje flokken
til å gjera seg nærare kjend med veirki deira.

Lese- og skrivekunsti kunde ein sløyfe for dei som ikkje plent
trong det i fagi sine, so ein ikkje elska fram uturvande og
brysam lesehug og skriveklåe.

Fylgjone av dette skulestellet vilde òg vera at ånderne aldri
trong um appellere til folket i noko spursmål. Det vilde nok elles
forbjode seg sjølv, det vilde berre gå som med den svenske
brukspatron som vilde prate historie med ein av tenarane sine:
«Vad tycker Ni Johanson om Gustav Adolf?»

«Gustav Adolf, var det Karl den 12.?»

Ein annan fyremun hev denne skipnaden. Det vilde vera
mindre fåre for at miljøet vilde lokka fram for mykje nye ånder

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free