- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
144

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Trums ungdomsfyling reiser biblioteksaken

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

144 —

Trums ungdomsfylking reiser biblioteksaken.

Trums ungdomsfylking har tatt op et energisk arbeid for
folkeboksam-lingene i Troms fylke. B. o. B. skäl senere komme tilbake til saken, idet
opropet ungdomsfvikingen har sendt ut foreløbig offentliggjøres her:

«Ein gong hadde kvart herad i Troms fylke si folkeboksamling. Surne
hadde fleire. Som faklar lyste dei kringom i kvar bygd.

Men under den økonomiske krisa blei dei kommunale løyvingar til
bok-samlingane strokne, og dermed fall og statstilskotet bort. Boksamlingane
blei ikkje haldne ved like. Interessen for dei veikna vekk, og den eine
etter den andre kom i forfall. Av dei 41 folkeboksamlingane som ein gong
var her i fylket, er det berre 3 som siste året har søkt om statstilskot. Det
har vore nedgangstider for folkeboksamlingane andre stader i landet og.
Men ingen stader er forfallet so stort og armoda so skrikande som i vårt
fylke. Folkeboksamlingane har vore ein verdfull faktor i arbeidet for
folkeoplysning. Mange er det som der har funne nyttig kunnskap og næring
for sin åndsvokster. Månge har i folkeboksamlinga og fått den kveik dei
trong til å leggja ut og ta i bruk si evne og kraft. Alle kulturfolk reknar
då og folkeboksamlingane for det viktigaste middel til folkeoplysning næst
etter skulen.

Ingen som forstår verdet av ei god folkeboksamling, kan gje seg til ro
med det tilstandet som no er. Ungdomen minst av alle. Den ungdomen
som er klok, veit nemleg at boksamlinga er ein veg til å sanke seg den
kunnskap han treng til å kunne fylle det rom han har tenkt seg å vinne.
Han veit og at det i vår tid med si knivskarpe tevling gjeld å vere so
vel kvalifisert som råd er i striden for tilværet. Ungdomen kan derfor
ikkje sjå på at ogso denne vegen ligg stengt for ham år etter år.

Det tar no atter til å lysne for folkeboksamlingane. Siste året er
statstilskotet auka ein god mon. Og med den nye lova om folkeboksamlingar
som sikkert blir vedteken av Stortinget i år, vil dette arbeidet for
folkeoplysning få betre og tryggare kår enn før. Vi vender oss derfor med
dette til ungdomen og alle i bygdene våre som enda torer tenke ungt og
segjer: Reis folkeboksamlingane våre! Serleg vender vi oss
til alle ungdomslag som finst i vårt fylke. Gå saman kvar i Dykkar
kommune i eit organisert arbeid til ein kraftig framstøyt for denne saka. Råd
og rettleiding om arbeidet vil ein få ved å vende seg til underskrevne
samskipnad. Ved å låte folkeboksamlingane forfalle har styremaktene i
kommune og stat låte kulturverdiar gå til grunne i bygdene våre.
Ungdomen må nyskape desse verdiar for folket, for ungdomen sjølv, folket si
framtid. Faklane som var, er sløkte. Ungdom, tend dei påny! Tend faklar
i kvar bygd! Lät dei stråle og gje lys til folket sitt liv her i Troms fylke!»

I styret for Trums Ungdomsfylking.

Peder Skånland. Johs. Eidnes.

Herleiv Lunde. Jakob Normann. I. Stenersen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0158.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free