- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
293

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Det daglege arbeidet i dei små folkeboksamlingane. Av bibliotekar Jakob Alvsåker

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Det daglege arbeidet i dei små folkeboksamlingane.

[1]

Av bibliotekar Jakob Alvsåker.

I so små boksamlingar som det er utyver bygdene både her
i fylket og elles i landet, er det ikkje utlån kvar dag. Det
«daglege» arbeidet i slike boksamlingar vert då det arbeid
bibliotekaren hev kvar gong det er utlånstid. Dei fleste boksamlingar
hev utlån berre ein gong um vika, sume enno sjeldnare —
kvar preikesundag kanskje — alt etter som det høver på dei ymse
stader. Arbeidet i slike boksamlingar vert då i alle tilfelle eit
attåtarbeid som i mange tilfelle er den reine samaritangjerning;
for løni bibliotekaren hev er ofte 0, stundom uppyver til 100,
kanskje 200 kronor. Arbeidet kviler difor på den interessa som
kvar bibliotekar bør ha — og rimelegvis hev.

Dersom utlånstidi er knapp 1—l 1/2 time, og lånarane er mange,
gjeld det at bibliotekaren hev innretta seg slik at sjølve
utlånsarbeidet gjeng lett og snøgt. I mange boksamlingar er bøkene
gøymde i eit rom som ikkje berre er brukt til bibliotekrom.
På slike stader er det ikkje godt å få til opne hyllor som
absolutt er det beste. Men det kann gå an. Dørene til skåpet
kann lagast slik at dei kann takast heilt vekk når det er utlån,
so hev ein opne hyllor. (Kjørviks skåp, umskrive i Astrid
Gråruds bok: Rettleiding i praktisk bibliotekstell.) Med opne hyllor
er det den store fyremun at lånarane sjølve kann finna bøkene.
Det sparer bibliotekaren for arbeid, og gjev lånarane høve til
fridom.

Men sjølv um det er høve for lånarane å finna bøkene sjølve,
er ikkje alle sjølvhjelpne likevel. Mange lånarar vil ha hjelp,
og bibliotekaren må sjølvsagt gjeva den rettleiding han kann.

Det gjeld for bibliotekaren å få tak i kva interessor lånaren
hev, um han vil ha spanande bøker, religiøse bøker,
reiseskildringar, jordbruksbøker, koke- eller strikkebøker, bøker um motorar
og sjøfart, «ungpikebøker», bøker på nynorsk eller bøker berre
på bokmål, um lånaren hev lese mykje eller lite. Bibliotekaren
kann kanskje samanliknast med ein byggmeister som samstundes
hev mange bygningar under arbeid. Byggmeisteren må kunna


[1]
Innleiding til ordskifte på seksjonsmøte for dei små folkeboksamlingane
på bibliotekmøtet i Stavanger august 1935.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0307.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free