Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Det daglege arbeidet i dei små folkeboksamlingane. Av bibliotekar Jakob Alvsåker
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
rettleida um kva som trengst på kvar bygning: grunnmur, bjelkar,
vegger, tak og tårn. Dei fleste bibliotekarar hev vel gjort den
røynsla at det er diktlitteraturen som vert mest utlånt. Men
det er då fagbøkene som er kunnskapsgjevande. Og stundom
kann ein høyra at folk verdset ei boksamling etter so mykje
faglitteratur som vert utlånt.
Mange boksamlingar hev i utlånsreglane vedtak um at kvar
lånar fær låna til dømes 1 fagbok og 1 diktlitterær bok. Det er
godt å ha eit slikt vedtak, endå det i sume høve sjølvsagt kann
verta gjort undantak. Folk vil nok låna fagbøker, berre dei er
populært skrivne — og aktuelle. Det vert då bibliotekaren si
sak «å kjenna tidi på pulsen», so han kann gjera eit høveleg
bokutval når nye bøker skal tingast. Det gjeld å finna slike
bøker som ikkje vert ståande rolege i hyllone. Skal han kunna
det, må han vita kva bøker folk flest i bygdi interesserar seg for.
Det kann vera ymse til dei ymse tider og i dei ymse bygder.
I ei bygd kann det til dømes vera vaknande religiøs interessa
og difor spurlag etter religiøse bøker. Då er det forsvarleg å
auka innkjøpet av slik lektyre. Ein treng ikkje fyrst og fremst
halda seg til eit skema med so og so mange prosent av kvar
faggruppa. Som han sa mannen: «Det er det same anten ein
fyrer med koks eller kol når det berre gjev varme.» Og den
lesnad som ikkje fengjer interessa, hev lesaren lite gagn av.
Noko som alltid vil vera aktuelt er bøker og artiklar um bygdi
og kjende personar i bygdi. Fylgjer ein godt med i dei lokale
avisor, kann ein der gjenom åri finna mykje som kann klippast
ut og gøymast. Då daterar ein kvart avisutklipp og klistrar det
upp på større papirstykke som ein seinare kann ordna i skuffor
liksom ein kortkataog. På denne måten kann ein samla mykje
verdfullt som aldri kjem i noko bok. Med tidi kann det verta
emne til bygdesoga.
Er det ein lærar som er bibliotekar og han fær skuleborni sine
som lånarar, so kjenner han sjølvsagt godt både til evnor og
interessor hjå dei. Mange bibliotekstyre set som krav at lånarane
skal ha fylt 16 år fyrr dei fær låna i folkeboksamlingi. Det er
mest naturleg at grensa er ved konfirmasjonen eller når dei
sluttar skulen. So unge lånarar må sjølvsagt rettleidast og ta dei
bøkene bibliotekaren tilråder. Det finst vel i alle
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>