- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
351

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Ungdomslaga og boksamlingane

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 351 —

samlingane i bygdene skäl bli den levande organisme i
kulturlivet som dei bør vere.

Ungdomslaga i kvart herad bør gå saman og få skipa
boksamlingslag. Og dei bør få andre Iag med ymse serføremål med.
Laget må då bygge på både kollektivt og individuelt
medlemsskap. Det må ha berre eit einaste føremål: å arbeide for
folke-boksamlinga, so ho kan fylle opgåva si på beste mate.
Med-lemspengane vil sjølvsagt ha sitt verd som tilskot til
boksamlmga sitt budgett, men langt større verd vil den interesse for
og omkring boksamlinga ha som på denne mate blir skapt.

I boksamlingslaget kan vere med: frilyndte ungdomslag og
arbeidarungdomslag, idrottslag og sanitetslag, mållag, losjar og
fråhaldslag, jordbrukslag og fiskarlag o. s. b. Her kan korne
med folk med ulike sosiale, politiske og kulturelle interesser.
Styret for boksamlinga vil få til opgåve å gjere henne til ein
tenar for dette mangesidige interesseliv som slik blir knytt til
henne, og vil søke næring der. Det vil sikkert bli spörsmål etter
faglitteratur i vidaste meining i denne boksamlinga. Der vil bli
samla aktuell litteratur. Og då vil nok boksamlinga ikkje vante
publikum.

Troms Ungdomsfylking tok i fjor vinter op arbeidet for
atter-reising av folkeboksamlingane i Troms fylke. Fylkeslaget sendte
skriv til alle ungdomslag i fylket og bad dei ta fått på arbeidet.
M. a. blei dei bedne om å løyve pengar til boksamlingane.
Fylkeslaget har på si side vedteke å skyte til like stor sum som
alle ungdomslag i heradet til saman på vilkår av at heradet
løyver like mykje som ungdomslaga og fylkeslaget samanlagt
yter, Er det t. d. 5 Iag i heradet, og kvart Iag løyver kr. 10,oo
i årlegt tilskot, vil ein på denne maten kunne få eit stadlegt
tilskot på kr. 200,oo, som med tilsvarande statstilskot vil gje
boksamlinga eit årsbudgett på kr. 400,oo. Det er ikkje so få
Iag som har vedteke å yte tilskot, og det vil no bli skreve til
formannskapa i vedkomande herad om saka. Korleis det so går,
veit vi jo ikkje enda. Men i kvart fall vil folkeboksamlinga
sine vener få tale for saka i formannskap og heradstyre ved
handsaminga av budgettet. Og berre det å få spørsmålet under
ordskifte vil vere ei vinning slik som tilstandet no er.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0365.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free