Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Ungdomslaga og boksamlingane
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 352 —
Fylkeslaget har og sendt opmoding til laga om å ta op
arbeidet med å skipa boksamlingslag i bygdene, med framlegg til
lover for slike Iag. Surne Iag har med interesse teke op dette
arbeidet, og de er von om at det i to herad vil bli hälde
sam-møte av laga og prøvd å få tanken sett i verk før året er ute.
Förutan det som her er nemnt, finst det fleire måtar å arbeide
for saka på. Mellom änna vil det vere verdfullt om fylkeslaga
vil stø det arbeidet som Norsk Bibliotekforening har teke op for
å få inspektørar for folkeboksamlingane i kvart herad.
Det er slett ikkje lett å få folk flest til å skyne nytta av
ei folkeboksamling, serleg dei som — naturleg nok i ei tid som
no — først tenker på det reint matnyttige. Likevel er det enda
sant det kjente ord at «kunnskap er makt». Men det er like so
sant at makt gjev mat. Det er ein sterk samanheng og
veksel-verknad mellom kulturnivået og dei sosiale og økonomiske
til-høve folk lever under.
Dette må ungdomen hevde, og få alle som har mäkta i stat
og kommune til å forstå det. Då vil det og bli lettare å få
dei som styrer i samfundet til å gjere skyldnaden sin — og yte
det som trengst — både til boksamlinga og til
folkeoplysnings-arbeidet i det heile. Ved sida av arbeidet for betre sosiale og
økonomiske kår for bygdeungdomen er dette å atterreise
folkeboksamlingane ei av dei viktigaste opgaver som no kallar på
ungdomslaga. Og vilkåra ligg vel tilrette for å gjera ein innsats
her som det snart vil syne etter.
Kvart ungdomslag — same kva namn det ber og kva
sam-skipnad det høyrer til, kan her vere med. Alle ungdomslag som
med arbeidet sitt vil vere med og føre folket eit godt og trygt
steg fram i ålmendaning og i kunnskap — som vil lyfte heile
folket fram i lyset, alle desse ungdomslag må gå inn
for dette målet: å nyreise og atterreise folkeboksamlingane i
kvar bygd, so dei kan bli den kulturfaktor i folkelivet som dei
bør vere.
«Vi kom snart til å se i det fri bibliotek en institusjon som må arbeide
bare for godt og aldri for ondt. Det gir intet for intet.»
Andrew Carnegie.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>