- Project Runeberg -  Bondestudentar /
3

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

3

vaar Lit til Vaarherre, so gjekk me og strævad og
sytte for desse anne jordiske Ting, liksom det var
me, som kunde faa Graset til aa gro elder Kornet
til aa veksa.

Vesle Daniel, som no var ein Gut paa 13 Aar,
likad baade Salma og Lesestykket, og ynskte berre,
at dei no vilde liva etter det. Men daa Bøni var
slutt, og Ole Johannes tok med seg baade han Lias
— eldste Sonen — og han Reinert — Tenestguten —
og Daniel ut i det surkalde Veret for aa taka aat
med Vaaraanna — hu! daa var det ikkje fritt for,
at Daniel totte dette var ein underleg Maate aa liva
etter Guds Ord paa.

Dagen heldt paa og var sur med Blaastr og
Smaaslut, so det var reint ufjelgt aa arbeida. Daniel
tenkte paa si varme Seng og’ paa Stova der heime,
som Mor visst no hadde sopat og fengje varm, so der
var koselegt aa vera. Hadde no berre desse vaksne
havt Vit til aa tru paa det, som stod med klaare og
reine Ord i Boki! Vesle Daniel gjorde baade undrast
og harmad seg. Han sette seg fyre, at han vilde
spyrja Far sin ut um dette. Totte Folk, det var Moro
aa gaa slik og træla? Elder var det ikkje sannt, det
som stod i Boki? Aa, han kunde koma med mange
Spursmaal i denne Saki, totte han. Men naar han
for Aalvor skulde til, blygdest han, og det hadde so
nær gjenget i Dag som det vanleg gjekk, naar han
tenkte paa aa segja elder spyrja um nokot —: det
hadde so nær ikkje vortet av. Men eingong, som
Daniel stod der og skugrad og fraus og var reint ille

1*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free