Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
4
i Lag, stansad Ole Johannes med Plogen like ved
han, og ingen annan var so nære, at han kunde
høyra. Daa skaut Gruten Hjartat i Livet, snudde
Ryggen til Far sin, snuggad seg og fraus og sagde:
»Her er ufyse aa vera ute i Dag!« — »Aa ja,«
meinte Ole Johannes; »men vil me ha Mat til eit
an nat Aar, so lyt me nok vera ute«. — »Ja men
. . . kvi stend der daa slikt i Boki . . . som det me
las i Dag?« stotad Daniel og stangad med Moldgreipi
i Treskoen sin; for elet var no so rart aa koma med
slike Spursmaal. Ole Johannes vart reint forundrad,
ja mest rædd. Kor kunde Guten koma paa slikt?
Endeleg sagde han, og slog paa Gampame for aa faa
dei i Gang att —:. »Soh! hypp! Der stend det i Boki,
Far min, at . . . soh! vil du goh! ... at den som
ikkje vil arbeida, skal hellerikke æde; veit du ikkje
det ? Hypp! soh!« — Gampame vreid seg seint og
syrgjeleg fram i Selen att, stritad og stertad og kom
endeleg i Veg, inagtlause og arme som dei gjekk der
og slong i den tidlege Vaaren. Og Ole Johannes
skjeivlad avstad etter Plogen og tenkte med seg:
»Jamen er der Hovud paa Guten; han er mest for
god til aa vera Bonde«. —
Men Daniel stod etter motfallen og liten og
undrast paa, at altid skulde daa dei vaksne hava
Rett-.
Hug til aa arbeida fekk han ikkje med dette.
Han kunde sannt aa segja ikkje sky na, kvi Gud,
som var almegtig, ikkje liksogodt kunde gjeva oss
Maten utan Arbeid. Kva vilde det kosta honom aa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>