- Project Runeberg -  Bondestudentar /
21

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

21

nur. Og Odin sat høg i Hlidskjalv med sine Ramnar
og saag utyver Verdi og visste alt; men Thor rullad
rundt ikriDg alle Himlar og slog Jøtnarne i Stein
med Hamaren sin. Balder var den milde Ljosguden,
som skifte Rett millom alle, men laut døy for Lokes
List og fara til Hel; Frøy var Gud for gode Aar og
ein veldig Herre, men gav burt sitt gode Sverd av
Elsk til ei Gyger. Daniel hadde aldri høyrt slikt 1
Han sat og lydde, so han gløymde baade Tysken og
seg sjølv. Og han stirde paa. Læraren sin med Augo
so blide og so trufaste som Augo paa eit Barn eller
ein Hund.

Det var eit Par forunderlege Augo, tenkte
Kapellanen. Dei hadde nokot ved .seg, som han lengje
ikkje kunde finna Ord for; men endeleg forstod han
det: dei viste slik ei Gaava til aa tru! Men var det
ikkje just Gaava til aa tru, som Tidi trong um?
Staalsliti og kultursjuk laag ho og gjeispad etter Tru
som Fisken paa turt Land etter Luft; gjenom alle
sine Dikt skreik ho etter Tru og Vilje; den, som
skulde kunna frelsa no, maatte vera Mannen med den
natur sterke Trudomsgaava. Og denne Gaava hadde
Bonden. Vaarherre hadde steilt det so godt for dette
Landet, at just naar Trui dovnad av i dei øvre Lag,
so kunde dei nedre Lag stiga fram og frelsa. Det
var dette, som fyrst og fremst gjorde Bonden til vaar
Framtidsvon. Utan den sterke, hugheile Tru nyttad
alle andre Gaavur lite; men med den skulde Bonden,
rik paa Kraft som han hellest var, byggja eit nytt
Norig.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free