- Project Runeberg -  Bondestudentar /
23

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eit nytt Fag tok-dei strakst til med, og det
var »Modersmaal«. Dette Faget vilde Kapellanen
helder ikkje taka paa den vanlege Latinskulemaaten.
Dei skulde ikkje pugga Grammatikk. Det naudsynlege
av den kunde Daniel faa inn etter kvart; Innhaldet,
Tankarne, Aanden var det, som det galdt aa faa
Tak i.

Den Skatt av store, vekkjande Tankar, som me
aatte i vaar »nordiske Skjaldskap«, var so rik, at
naar me rett eignad den til oss, so kunde me visst
hjelpa oss utan Laan fraa Tyskland elder Rom. So
tok daa Kapellanen til aa gjenomgaa »Skjaldar« med
Guten. Her vart der Aand nok. Og det der ikkje
var fyrr, lagde Kapellanen trufast inn. Mest dreiv
dei paa med »historisk« Diktning. Slike som
Holberg og Wessel vart lett yverfarne, endaa Kapellanen
roste dei sterkt; dess djupare grov dei seg ned i
Øhlenschlæger, Grundtvig og Ingemann. Daniel, som
fyrr ikkje hadde leset annat enn Bøner, Preikur, det
gamle og nye Testamente og Olger Danskes Krønike,
vart baade glad og forundrad ved dette. Han hadde
aldri tenkt, at slikt kunde skrivast av beintfram Folk.
Men so fekk han daa og vita, at Skaldarne ikkje
var beintfram Folk. Dei var inspirerade; og det totte
Daniel var rimelegt. Sidan las dei nyare norske
Diktarar, litt av Wergeland, som Daniel totte var mindre
aandfull, meir av Welhaven, som daa var gildare, eit
og annat av Munch og Ibsen, men mest av Bjørnson.
Han var den aandfullaste av dei alle ihop. Men
daa dei kom til Folke-Eventyri og Folkesegnerne,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free