- Project Runeberg -  Bondestudentar /
26

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

2(5

det folkelege, kunde klinga saman i ein heil, stor
Harmoni; daa vilde Aanden paa nytt slaa ut sine
Vengjer, daa vilde No rig vera gjenfødt. —

Dette var so fagert, at det maatte vera sannt,
totte Daniel. Det var altid litt høgt, og han var
ikkje stød paa, um han forstod det; men det var
sannt; han kjende det paa seg. Han vart so glad
av desse store, nye Tankarne, at han liksom totte
han vart eit betre Menneske. Den, som berre var
vaksen og Student, so ein kunde faa taka i! For
her vilde han vera med av all si Magt.

Kapellanen forstod Tankarne hans og sagde med
seg sjølv i stille Gleda, at dette var aa vera
Ungdoms-lærar, dette var aa vera Uppfostrar! So mykje
»gylden Sæd« som der vart nedlagt i denne
Barne-sjæli, so maatte Hausten verta rik. —

Ein Ting var Daniel leid for, og det var, at han
aldri rett kunde faa Tak paa, kva dette »Aand« i
Grunnen var for ein Ting. Kapellanen brukad
Ordet so tidt og paa so mange Maatar. Men forstod
han det enn ikkje klaart, so hadde han dess meir
Age for dette store Ordet, som gjøymde i seg som i
ei vid Sky »alt det store og høge og ædle paa Jordi«.
Kannhenda var det nokon lunde det same som det
andre Ordet, Kapellanen ofte brukad: »Poesi«. Og
kva Poesi var, det visste Daniel. Like eins visste
han, at av det Slaget var der svært litet i Folkelivet.
Ikkje las dei Diktbøker og ikkje song dei
Kjempe-visur. Men det som han no totte var mest harmelegt,
det var, at ein ikkje lenger trudde paa Huldrefolket

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free