- Project Runeberg -  Bondestudentar /
27

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

no som fyrr. Daniel hadde lært aa halda av
Huldrefolket. Dersom ein ikkje hadde nokot slikt, so kunde
der visst ikkje vera nokon Poesi i Livet. Av
Kapellanen hadde han høyrt, at det var Rasjonalistarne,
som hadde gjort mest til aa øydeleggja Huldretrui, og
det kunde han forstaa. Det var so likt dei aa gjera
slikt. Rasjonalistarne hadde ikkje brytt seg um Aand
i nokon Ting, dei, sagde Kapellanen. Og naar ein
tok Huldri burt, var der ikkje att annat i Yerdi end
Mold og Stein, og so vart Folket aandlaust! Daniel
tenkte med seg, at han vilde prøva aa tru paa
Huldrefolket. Han kjende nok, at han i Grunnen tvilad;
men no vilde han ikkje bry seg um det; han vilde
tru. Det var so hyggjelegt. . Og naar det kom til
Stykket, kven kunde so for visst segja, at Huldri
ikkje var til? Det var mange fyrr i Yerdi, og mange
no og, berre burti andre Bygdelag, som var likso
visse paa, at dei hadde set Huldri, som at dei hadde
set Sol og Maane. Og det var ikkje godt aa vita,
kva som kunde bu i Jord og Haug. At dei ikkje
viste seg for Byfolk og slike, det var ikkje nokot aa
biy seg um; for dei viste seg berre for dei, som
trudde. Og no vilde Daniel tru, so kanskje han og
fekk sjaa dei. Det vilde vera so gildt, dersom Huldri
var til. Verdi vart liksom so heimkoseleg og
hyggjeleg for oss daa. Der vart slikt Liv i Naturen, slik
Fagerdom. Kva vent var der i ein Skog, naar ikkje
Huldri gjekk der inne og leet? Kva Poesi var der
i ei Aa, naar der ikkje var nokon Nøkk? Men
dersom Folket trudde, at det hadde Huldrer og Nissar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free