Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
45
so. denne tilslutt kunde gaa ut og inn i Prestegarden
som lian vilde. Det var ikkje fritt Daniel var byrg
av, at Prestebikkja hadde teket han upp i den Adelen
av »skikkelege Folk« , som ho aldri gjorde nokot
vondt; for Prestebikkja visste nok aa velja sine Folk,
tenkte Guten.
Underleg nok likad ikkje Kandidaten denne
Bikkja. Daniel fekk endaa eingong høyra, at
Kandidaten vilde hava Apollo or Vegen. Det var ein rna
Skikk, sagde han, ei Leivning fraa ei Villmannstid,
a a halda slike tamde elder halvtamde Vargar
gangande i Gardarne til aa skræma Helsa elder Vitet av
sine nervøse Medkristne, elder til aa skaffa dei
Hundegalskap ; og minst skulde ein venta slik
Villmannskap hjaa ein Prest. Men Gamlepresten berre
knur-rad litegrand, og sagde, at han ikkje brydde seg um
slike »moderne Idear«. Og eingong vart han vond
og sagde, at han vilde likso lite missa Apollo, som
han vilde missa eit av sine eigne Born. Til det
tagde Kandidaten. —
I Slaatten maatte Daniel vera heime; men um
Hausten tok dei til att, og det gjekk godt. Daniel
likad seg; for han kjende at han lærde nokot, og
det gav Mod. Kandidaten var ein drivande Lærar,
mykje glupare enn Kapellan Hirsch; og han arbeidde
med Lyst, saag det ut til. Men som alt gjekk paa det
beste, kom Apollo i Vegen og øydelagde det for dei.
Dei sat ein Dag som van legt inne hjaa
Kandidaten og las. Daniel sat midt for Bordet slik, at han
kunde sjaa ut yver heile Prestegardstunet. Daa ser
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>