- Project Runeberg -  Bondestudentar /
46

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

4<S

han eit Kvinnfolk, som kom gangande fram mot Huset
paa slik ein underleg Maate. Ho var fatikt klædd,
og litt upp i Aari; hellest var ho eit Bygdemenneske
og saag nokso skikkeleg ut. Men i Hælame paa seg
hadde ho Apollo, som var morsk aa sjaa til og stundom
sleit henne i Stakken. Ho var jammeileg rædd. Gaa
fort torde ho ikkje, stansa elder snu torde ho endaa
mindre; so kom ho stigande i stutte, stive, ustøde
Stig, liksom ho gjekk i Ørska. Alt i eit glytte ho
ikring seg etter Redning elder Hjelp; men der var
ikkje Folk aa sjaa nokonstad; ho var aaleine med
dette Dyret. Og Daniel saag kor ho bleiknad for kvart
Stig. Munnen stod open, Augo steig store og
kvitnande fram or Hausen; det saag ut som ho svimrad,
som ho ikkje kjende, kor ho sette Foten; ho kom
vandrande som eit Lik, som ein Dauding; ho var
halvt epileptisk. Kandidaten saag paa Daniel, at der
var nokot tids; han snudde seg og saag ut. Fyrst
rauk Boki paa Golvet, so Pipa; so flaug han paa
Døri som ein Storm, ut gjenom Stova, ut gjenom
Kjøken, og ut i Bislaget; der bergad han fyrst
Kvinnfolket i Hus, og daa so Apollo kom, flikrande og
liskrande og skulde gjera seg gild for Husbond, fordi
han hadde voret so flink, so drog Kandidaten fram
ein Stav, han hadde løynt attpaa Ryggen sin, og
lagde til Bikkja yver Lendi, so ho dreiv langt
burt-etter Tunet. Og skreik gjorde ho som ein brend
Djevel. Det var stygt aa høyra paa. Ylande,
knist-ande, med Halen under Buken og Ryggen uppskoten
rømde ho rundt, eit livande Bilæte paa all Ynk og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free