Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
74
og stellte um Lensmannen som um ein gamall
Bestefar, og sjølve Lias smilte og gneid seg i Henderne.
Maren likad ikkje alt so godt det siste um, at
Daniel skulde til Kristiania; men det gjekk ikkje an
aa setja seg paa Bakføterne no. Ho berre spurde
seg fyre, um det ikkje vilde vera vaaglegt aa senda
so ung ein Gut der iiin; ho hadde høyrt der skulde
vera so mange stygge Folk, Frimaurar og
Fritenkjarar og . . . »Aa langtifraa!« sagde Tarald Ruste.
Dei sende yngre Gutar enn Daniel der inn, og
dessutan so var det berre nokot Tøv, det, at Frimaurarne
slagtad Folk og sende dei til Tyrkriet. Det var
skikkelege Folk i Kristiania liksom her. Latinarar
var dei, og Embættsvenner, og hellest nokot stort
Svinepakk i mange Maatar; men det kom ikkje
Daniel ved. Han klarad seg nok. Dermed maatte
Maren lata seg lita. —
Daniel skulde reisa til Hausten att. Han hadde
ikkje Fred heime lenger; han lengtad til Kristiania.
Der inne var det, at han skulde finna det store og
ædle og fagre paa Jordi; og Byen bygde seg upp i
hans Hugsyn som ein Skog av kvite Taarn, lysande
som Marmor upp gjenom ein solfyllt Dal. Han var
stød paa, at so snart han kom dit, vilde han koma
inn i nokot vidunderlegt, poetiskt, stort, nokot med
Gull og Glans og fagre Møyar som i dei gamle
Ro-manarne; men mot Inga Holm vilde han alle Dagar
vera trufast. ^—
— Lengje ven tad kom endeleg den store
Tyrs-dagen, daa han skulde reisa. Maren og Lias fylgde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>