- Project Runeberg -  Bondestudentar /
101

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

101__

til »Ruderne«, mest fordi han var Maalmann. Det
var ein herdebreid, haarfager Trønder, ivrig og
smaa-gløgg, med mange Hugmaal, snar til aa læ, ei livleg
Sjæl. Han og Halvor Mosebø budde ihop; dei
»dis-puterad og lo, og disputerad og drakk 01«, sagde
Olsen den fyrste; men greidde seg gjorde dei like
godt.

Ranglefantarne var helst aa finna millom dei
»meiningslause«, sagde Haugum. Der var Isak
Abrahamsen Opjorden, som tilslutt vart teken heim
fraa Skulen, og der var Bent Bu, ein Fyr, som
sjeldan var aa sjaa. Olsen den fyrste og Simon
Husmor hadde nok og sine »01-Rider«, men det var
berre ein Gong imillomaat. Olai Bruvik, som altid
hadde same Meiningi som den; han talad med, laag
etter alle dei Tenestgjentur, han saag, og kvar Gong
han fangad ei, vart han burte fraa Skulen i 8 Dagar,
fortalde Ortvedt. —

Fraa Tarald Ruste fekk Daniel ender og daa
Brev um, at han maatte spara. For spart var spart,
og Landet var fatikt, og Embættsmennerne livde
altfor feitt. Lias skreiv ein hente Gong og fortalde,
at alt stod godt til, og at han mest ikkje kunde
klara seg. Ingen skreiv um det, som Daniel brydde
seg um aa høyra: um Inga. Daniel sende tvo Gonger
Brev til Judith og prøvde aa faa henne til aa
fortelja fraa Holms; men den Døla forstod ikkje
Meiningi.

Pengar fekk han berre so vidt- han kunde baska
og liva. Stundom naadde ikkje Sendingarne ihop„

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free