- Project Runeberg -  Bondestudentar /
105

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

105

Yest, alt han kunde minnast, og laug som ein
Skipper, for at Inga skulde finna det morosamt. Men
det, han sagde, lyddest i hane eigne Øyro som ein
tom Dur.

Etter Bordet var det Pipa, og no totte Daniel
det kom væl med, at han hadde lært aa røykja.
Han vart sitjande hjaa Klokkaren langt utyver Dagen.
Inga sat slik til, at han ikkje kunde sjaa henne fraa
Yoggestolen sin; men han kjende paa seg, at ho var
inne; og her var so hyggjelegt. Make til koseleg
Stova hadde han ikkje set, og slik ein Hage, med
slike Blomar, og med eit Lauv, som skalv i
Sumar-vinden som ei søt Kviskring, fanst ikkje paa Jordi. —

Men sidan maatte Daniel paa Gjesting andre
Stader. Han maatte til Lensmannen; og der laut
han vera litt Jaabækianar. Der ,var ikkje Raad med
det; Lensmann Ruste hadde gjort han so mykje
godt ... Og næste Sundag maatte han til
Grosseraren. Der vart det endaa verre. Der var Middags
-Lag, og han maatte sitja paa Sida av Grosseraren,
paa ein Stad, der alle saag han. Og so vart han
vist fram. »Hm! vor Protesjé«, sagde Grosseraren,
daa dei var komne i Veg med Maten. »Vi
understøtter ham lidt . . . vil hjelpe ham frem, ser De
. . . Bare Bondegut; men gode Evner, siger Rektor;
ingen Manerer, som De ser; men det kommer sig
nok!«—Daniel vart, so sveittande skamfull. Og det
vart ikkje betre, daa ein av Gjesterne, som vilde
vera »behagelig«, gav seg til aa rosa Grosseraren for
denne hans gode Gjerning, og formanad Daniel til aa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free