- Project Runeberg -  Bondestudentar /
107

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

107

Men tilslutt kom Finsen med det, som nok laag han
mest paa Hjarta: um Daniel ikkje kunde vilja vera
Missjonær. tIkkje saa aa forstaa, kjære Ven, at jæ
vil lægge naaget Præss paa dej«., sagde Hr. Finsen;
men . . . han vilde kunna hjelpa Daniel med so
mykje større Gleda, dersom Vaarherre bøygde hans
Hug slik, at han vart Missjonær. Skulde det ikkje
vera herlegt og stort aa faa vera med aa byggja
Kristi Kyrkja der ned i Sululand? Maatte det ikkje
vera eit sælt Arbeid aa faa føra Frelsebodet ut yver
Verdi til dei, som enno laag i Myrkr og i Daudens
Skuggar? — Daniel var i si verste Beit. Segja beint
Nei gjekk ikkje an, og segja Ja — det gjekk helder
ikkje an. Daa fekk han ein frelsande Tanke: »Mor
vil ikkje«, sagde han. Dermed slapp han for den
Gongen, og han totte han hadde greidt seg godt.
Det same totte Maren, daa han fortalde det til
henne. —

— Som han var komen godt og væl inn til
Kristiania um Hausten att, fekk han høyra, at
Grosserar Helle hadde spelat upp. Daniel vart reint
fortenkt, men — sannt aa segja — glad. So var han
daa kvitt den Formyndaren. Men daa han strakst
etter fekk Brev fraa Lensmannen um, at heretter laut
han berga seg med endaa mindre Pengar enn fyrr,
var det slutt med Gleda.

Paa Skulen gjekk alt som fyrr; men fire av
Gutarne var gjengne ut: Wall, Presler, Simon
Husmor og Olai Bruvik. Den siste sagde dei hadde
gift seg med ei rik Slagtardotter og skulde vera

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free