- Project Runeberg -  Bondestudentar /
117

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

117

Og no sette alle desse nyfcdde myndige Menn
seg til aa skrika ut av fyllte Lungur si umaatelege
Gleda og trampa Samtykkje med Styvlehælarne, so
Salen riste. So vart Russesongen spreidd utyver
Flokken, flagsande gjenom Lufti som Fivreld;
Musikken uppaa Trevet skar i aa spela, og so tok
Songen til aa stiga, ylande gjenom Salen som ein glad
Storm, — Sigersongen um, at no var dei ikkje lenger
Skulegutar, men Russ, og at snart skulde dei,
fati-stis avibtis, vera Studentar.

Songen gjekk fyrst, ein Gong med Musikk, so
ein Gong til utan Musikk, og daa vart det gildare
endaa. Dei skilde seg sund i Smaaflokkar og song
kvar i sin Takt, og sidan kvar paa sitt Vers, og
Fridomen livde høgt, og Gleda var fullkomi. Ungdomen
hadde sleget seg laus, og dei gamle hadde gløymt sin
Alderdom. Og alt, som i Salen var, løyste seg upp i
Song og Laatt, og Punsen gleid ned, so smeren han
var, liksom det skulde voret Nektar.

Endeleg laut Songen slutta. Der reiste seg eit
Havbrak av Klapp og Tramping, fyrst fraa ein Kant,
so fraa ein annan, og tilslutt fraa heile Salen, og
gjenom Havbraket gjekk skakande Rop paa
»Forfatteren! Forfatteræ — n!« tildess heile Salen ikkje
var annat enn dette eine, rasande Ropet. Og det
varde lengje. Dei kunde ikkje trøytna, desse unge
Bringur, og det gjorde ikkje nokot, um dei mjuke
Henderne sveid litt i Kveld. Tilslutt laut den sæle
Forfattaren fram. Det var ein ung Gut som alle dei
andre unge Gutarne; skvatt upp paa Talarstolen >

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free