Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
120_
Hans Haugum og Ortvedt spratt upp og trengde
seg fram mot Talarstolen so langt dei kunde; Daniel
fylgde etter, uroleg og glad: no skulde han endeleg
faa høyra Visdomens Ord fraa sjølve Kjelda.
Professor Darre talad litt laagt; men Daniel
fekk Meining i det meste. Det var nokot um, at
Skuletidi ikkje var so leid, som ein ofta trudde, og
at naar ein vart eldre, so vilde ein sjaa mangt paa
ein annan Maate enn no, og daa vilde Minni fraa
Skuledagarne faa baade Liv og Meining. Og
Professoren skaut Nakken fram og glodde ut i Lufti
med Hornlykterne sine, liksom han øygnad eitkvart der,
langt uppe og ute, som andre ikkje saag. Og Salen
ropad Bravo! Bravo! »Men«, sagde Professor Darre,
»lat meg ikkje gaa meg burtl I Kveld skal me
ikkje vera gamle og kloke, elder gamle og galne,
som det heiter i ein Variant (Bravo!); i Kveld skal
me vera unge og øre, elder unge og galne, um De
vil (Hurra!); og kven veit: kanskje er Ungdoms
Galskap til Slutt den største Visdom« (Bravo).
Men Professoren kunde no eingong ikkje gaa ut
av sitt Skind, sagde han; han kunde vera so glad i
Ungdom og Galenskap, som han vilde, so var han
no for sin Part for gamall til aa slaa seg reint vill.
Naar han skulde vera ung her i Kveld, so fekk han
vera det paa sin Maate; han fekk ikkje tala som
ein Ungdom, men han vilde tala so godt han kunde
um Ungdomen. (Bravo!)
Professoren vart no meir høgtideleg, kremtad
og-gjekk yver til ei lang Utvikling um den akademiske
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>