Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
121_
Stand, som "han skildrad som eitslags høgre
Mannheim, lyft langt uppyver det vanlege Livet. Den,
som kom her inn, var dermed vigd til Ideens Prest;
han skulde heretter liva, ikkje for det endelause, men
for det uendelege, liva Aandslivet, ton bion theon,
i menneskeleg Meining (Bravo!), med eit Ord, mine
Herrar, i Sanning liva for Ideen (Bravo, Bravo!).
Alt det smaae og smaalege, som fylgde det vanlege
Livet, maatte han her frigjera seg fraa; han maatte
so aa segja altid hava Brudlaupsklædningen paa seg;
»nam et heie dii sunt a; for her galdt det aa vera
Menneske i sann Meining, liva i og for det, som i
Sanning var Mennesket verdigt! Der ute i
Kvardagslivet var Mannen sundbytt og sundskift i dei tusund
Smaaformaal, so han aldri i Fred fekk samla seg i
det ideale; han kunde ikkje i- dette endelause Kav
høyra Aandsharmonien gjenom alle dei spreidde
Røyster elder sjaa Einskapen gjenom Dagens brotne
Straaleleik; — men her, i Aandsheimen, her naadde
ikkje dei villande Røyster inn, her var Høgd og
Fred, her fann Aanden seg sjølv; her vart ikkje
Tanken sundrad og sprengd av det tilfellige, det
smaae og spreidde, det sundrivne og tankelause,
einsidige og endelege i det vanlege Liv; her skulde ein,
menneskeleg talat, sjaa Gud som han var, tala med
Aanden Andlit til Andlit (Bravo!) — Ein halvfull
Hund burte i ei Kraa vaagad seg til aa segja vov!
men *vart nedhyssad.
Der ute galdt det dei praktiske Formaal, det
nyttige for Dagen, det » matnyttige «, um han maatte
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>