- Project Runeberg -  Bondestudentar /
127

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

127_

det av Markus?« — »Aa, han kjem væl; han er
berre utpaa Verandaen. — Det er sannt, kva var det
no du fekk ?« — »Eg ? Eg fekk —« og Halvor slog
i Bordet for kvart Ord :—: »eg fekk Dægeren tuti
meg 3, 4! — men den Fireren skal dei faa betala,
skal dei! . . . men eg er like god Gut for det, eg . . >
men dei skal faa betala det! Skarvepakket! — dei
skal faa minnast Halvor Mosebø! Her er Guten,
som ikkje læt seg flaa med Navaren . . . skal dei
faa sjaa. Skaal!« — Daniel visste ikkje, kva han
skulde segja til dette. Halvor sat og sturde; so
skreik han upp: »Hev du set noko til Kjeringjé mi?«
og strakst etter sagde han: »De fekk 2, 2, De?«
»Nei, 2, 3.« — »Aahaa. — Skaal, gamle Busenfrynd!
— Skal me drikka Dus?« — Daniel lo; »me drakk
just Dus«, sagde han. — »Du’ habst iinmer Rekt«,
sagde Halvor; »i Kveld er eg full, ser du! Men
det gjer ingen Ting! — Odelsbonde, ser du!
Tele-bonde, ser du! Kom ikkje der! — Kor Fanden vart
det av Markus 01ivarius?« — Han reiste seg og
skeivlad ut; Daniel ropad etter han, men han høyrde
det ikkje.

Der var komet meir Uro i Folk no; Mengdi var
paa Føterne, og der var eit jamt Drag ut og inn
Dør erne. Fleire av dei unge var alt so langt komne,
at dei sjanglad, — some fordi dei var fulle, andre
kanskje mest, fordi dei skapte seg fulle, daa dei
meinte det høyrde til. Millom dei, som drog att og
fram der, saag Daniel mange Bondestudentar;
underleg nok; ein kunde mest sjaa det paa dei. —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0136.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free