Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
128_
Halvt attum seg totte Daniel han høyrde eit Mæle
han kjende; han snudde seg og saag; det var
Magister bibendi. Han stod og talad med den same
»Tosken«, som Haugum hadde talat med for eit Bil
sidan, og »Tosken« spurde, um Magister hadde voret
rædd, daa han skulde upp og tala. »Jagu va jæ
rædd!« svarad Magister. Daniel vart sitjande reint
einstird —: Fyren hadde Mod til aa segja, at han
hadde voret rædd! —
Ein ny Mann paa Talarstolen. Han talad for
»dei gamle«. Det var ein Mann med godt Mæle og
med mange Ord, som klingad godt; men Daniel totte
han fekk so lite Meining i det, han sagde. Det var ein
vanleg »Skaaltale«, — store Ord yver tome Tankar,
som Blomar paa ei Likkista.
Endaa ein ny! Men det var ein sovoren Kar,
at Daniel aldri hadde tenkt, han skulde faa sjaa slikt
Syn i eit idealt Studenterlag. Som han kom hivande
upp paa Talarstolen, slurveleg og slengjen, skjeiv i
alle sine Rørslur, med eit langt, skakkt Bondeandlit
og skygge Augo under framskotne, myrke Bryn,
visste Daniel ikkje, kva han skulde likna han med,
og dersom dette gjekk godt, so gjekk al ting godt,
tenkte Daniel. Men for denne underlege Mannen gav
Salen seg til aa klappa og ropa Hurra, og gjenom
Dunderet høyrde Daniel tydeleg ei gnell Røyst, som
ropad: » Leve Dølen!«
So dette var Dølen! —
Daniel kjende seg i Grunnen litt rar, der han
sat, litt tankeslørd, litt tung yver Augo . . . men no
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>