Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
15 <5
andre Maatar, sette henne lenger bak, elder lenger
fram, litt meir paa Skakke, litt mindre paa Skakke;
men det nyttad ikkje. Duskeluva sat ikkje rett. Ho
syntest ikkje høva for hans Hovud.
Daniel kolnad, der han stod. Han freistad
paa alle Vis; han lagde Dusken bak, han lagde
Dusken fram, han lagde Dusken midt paa Aksli;
men det nyttad ikkje. Det vart ikkje den rette
Svingen. Og Frakken, — Frakken sat, som alle
Frakkarne hans hadde sitet; han saag ikkje ut som
Student; han var ikkje Student; — han var ein
for-klædd Bonde.
Bleik og motfallen stod han og glodde paa seg
sjølv i Spegilen. Han totte han vart seg sjølv so
framand. Det breide, godslege Andlitet hadde vortet
langt og magert, Munnen var tjukk og dum, og Augo,
som eingong hadde voret so klaare, hadde krympat
seg ihop og vortet raudsprengde og matte, med
sjuklege, tunge Kvannar. Men Akslerne var gruve og
liksom nedtyngde, so han maatte strekkja seg upp,
naar han vilde naa si fulle Høgd. Det var eit an nat
Syn, han hadde set i sine Draumar, naar han hadde
tenkt paa seg sjølv som Student, og kald um Hjartat
og med djupt svikne Voner ruslad han avstad til
Universitetet for aa taka imod eit Borgarbrev, som
han no knapt brydde seg um.
Og daa han kom der upp, og saag paa alle dei
unge Bystudentarne, som kom strjukande so fine og
lette som Fuglar i Sol og bar Duskeluva so flott og
fjongt, som ho skulde vera støypt til dei, kjende Lan
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>