Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
169_
utvikling, um Tanketukt . . . ja, Gregus hadde leset
litt Filosofi og eit og annat slikt; men . . . Dei
kjende ikkje A an den, desse Folk; dei hadde aldri
kjennt Aanden brusa gjenom seg paa breide
Vengjer; — Gregus vilde segja, at dei hadde ikkje det,
naar dei trudde, at dei kunde binda Aanden til
Reglar og segja, at so og so skulde ein tenkja,
og so og so. Liksom ikkje Aanden al tid gjekk sine
eigne Veger!
— »Ja syng, den!« ropad Aslak Fjordan; »syng
den!« — Haugum sette i med roleg, mild Rcy3t, og
alle maatte lyda:
»Jeg har baaret Lærkens Vinge,
jeg har sunget heit dens Sang;
jeg har følt, jeg skal mig svinge
op til Paradis en Gang,
op til Paradis en Gang.«
»Den er dejliU sukkad Gregus Johnsen.
»Lad kun Graad mit Øie blinde!
har min Sjæl sin Vinge blot,
skal jeg engang Veien linde
op til Himlens lyse Slot,
op til Himlens lyse Slot.«
Songen kom til rett Tid; Haugum maatte syngja
han uppatt. Hugmilde og ivrige sat dei og lydde
og drøymde uppatt sine fagre Barndomsdraumar um
Englarne og Gud Fader, voggad seg inn i heile
denne blide, bleike Romantikken, som lyste som ein
Septemberhimmel yver deira germansk-orientalske
Fyre-syningar um det evige Liv. Det kunde væl til Kvar-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>