- Project Runeberg -  Bondestudentar /
170

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

170_

dags henda, at dei kom i Tvil um eit og annat av
det, som dei hadde lært i Forklaringi; men i Stunder
som desse kom alt det gode og varme Hjartelaget
upp i dei, og dei trudde som Born. Sjølve Hærland
vart riven med. Blid-øygd og bringevarm sat han
og leet seg glida inn i fredsæle Kyrkjedraumar, og
han stod tilslutt upp og bannad paa, at dette var det
høgste og djupaste i oss, kor mykje me so strævad
med aa tvila og fornegta.

Um ei Stund var dei komne inn paa eit nytt
Emne: Kvinna. Og det vart eit langt Kapitel.
Dei gjekk heile Skalaen igjenom, fraa »Idealet« —
Skaal for Kjærasten! »Mulmet sank, det svalen
— og nedetter, til dei kom til Botnen. Daa sette
Ortvedt i med eit litet underlegt, brestande Maal og
song um »Samson, som elskede Daliladalila,
dalila-dalila«, og no gjekk det laust. Daniel stakkar, som
tenkte med Hjarteverk paa si arme Berta Maria,
kunde ikkje rett lika seg. Dess betre treivst Ortvedt,
som sat og jabbad og fortalde som ei Kaffikvern, og
Aslak, som berre sat og lo. Bannad og lo. Men
gjenom ein naturleg Tankegang kom dei fraa dette
inn paa eit forskræmelegt Snakk um Anatomi og
Lik og medicinsk Styggedom, so Daniel tilslutt sat
reint og fælte, og der kom nokot stillt og døyvt yver
heile Laget. Daa sagde Aslak »Skaal!« og slog i
seg Resten av Glaset. »Var det det andre elder
tridje?« lo han, lagad paa nytt, bad Gregus Johnsen
gjera det same, og manad paa dei andre, at dei fekk
sjaa aa koma etter. Men daa Ortvedt endaa heldt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0179.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free