Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
172_
daa gløymde dei sine Suter og song med: låt oss
frojdas! — men strakst kokad Snakket uppatt, og
Verset vart aldri utsonget. Lufti stod so tett som
ein Eim av Tobaksrøyk og Toddydunst, og inni der
gjekk dei og dreiv som Fiskar i eit Akvarium. Men
Haugum lurde seg til og fekk setja eit Vindauga paa
Glytt. So klinkad det paa Glaset, og ein elder ein
annan steig fram, raudøygd og bleik, og heldt ein
Skaaltale for det elder det, for den elder den, og daa
Hærland hadde trættat seg trøytt med Haugum um
Kristi Guddom, heldt han ein stor Tale for »dei
veldige Idearne, som no lik ei Stormflod braut innpaa
oss fraa Europa.« Det vart mest Morgon, fyrr dei
sluttad.
Men av slike Kveldar hadde dei fleire. Og dei
song og skraalad og skifte Ord um alle Ting, og
slost um Politikk og store Spursmaal, so dei mest
vart Uvenner. Men stundom fekk dei Aslak Fjordan
og Halvor Mosebø til aa stevjast, elder Hærland til
aa fortelja Eventyr paa Sognemaal.
Naar dei so pratande og smaasullande dreiv Arm
i Arm burtgjenom Gaturne langt paa Nott, so hadde
dei mest altid ein Konstabel siglande i Hælarne paa
seg; for »han forstod det var Russ, og lurad etter
Mulkter«, meinte Hærland. No skulde det fraa
gamalt høyra med til Studenterlivet aa liggja i Ufred
med Politiet; men den Ufreden leet dei vera. So
snart dei høyrde Konstabeltakten etter seg, vart dei
støde og aalvorlege som eit Formannskap. Den gamle
Bonderespekten for alt, som luktad av »Øverheit«,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>