- Project Runeberg -  Bondestudentar /
171

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa med sine Hospitalsogur, stod Aslak upp og sette
i med eit Maal, som kunde vekkja daude: »Sjung
om studentens lyckliga dag,«

Visa kom til rettan Tid. Haugum reiste seg og
song med, og snart gjekk dei og dreiv paa Golvet
og song alle ihop, so det var fælt aa høyra. Men
til Endes paa Verset kom dei ikkje; Snakket tok dei
ein etter ein; dei hadde fenget so mykje aa tala um
no; tvo og tvo elder tri og tri stod dei burtetter
Golvet og pratad, og rett som det var maatte dei
burtaat Bordet og skaala. Det vart livlegare og
livlegare, og Snakket gjekk høgare og høgare, liksom
ein Sjø, naar det aukar paa og blæs. Some
dispu-terad um, kor det var best aa faa Middagsmat; andre
disputerad um dei tri Personarne i Guddomen. Og
no kom det fram, mangt av det dei hellest gjekk og
tagde med; Pengesorger og Synder, Fantestykkje og
Daarskapar vart framlagde so truhjartigt og heilt, som
dei stod for sin siste Domar. Daniel kunde ikkje
lenger bera sine Elskhugssorger aaleine; Gregus
Johnsen leet Ortvedt vita, at han arbeidde paa eit stort
Syrgjespel, som skulde heita Keisar Kaligula. »Det
var Fanden I« lo Ortvedt; y>aut Cæsar, aut nihiUi
sagde Gregus Johnsen. Men Hærland, som no var
komen ut av sitt blide Lag, gjekk og lagde ut for
Haugum, so Busti fauk, at Læra um Kristi Guddom var
ubibelsk. Og dei drakk Dus med heilag Iver og heldt
av kvarandre og trudde paa kvarandre og lo i store
drukne Laattar aat ingen Verdsens Ting. Ender og
daa skreik det i med Sjung om studentens, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0180.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free